Forskerne mener næringen bør bygges opp gradvis for å begrense risikoen for lakselus, smitte og rømming.

Advarer om havbruk til havs

Havforskningsinstituttet frykter økt belastning på villaksen når oppdrett flyttes ut i havet.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv Havforskningsinstituttet på deira heimeside.

– Det er særleg viktig at ikkje belastninga på villaks blir større enn den alt er, som følge av at ein no ønsker å starte opp med havbruk til havs, seier forskingssjef Frode Vikebø i Havforskningsinstituttet.

Dette meiner han krev at ein held smitte og rømming frå oppdrettsanlegg til havs på eit minimum. 

–  Innspelet frå HI er basert på kva vi veit om utfordringane som villaksen har, mellom anna at mange villaks døyr som følgje av at den blir smitta av lakselus frå oppdrettsanlegg, og at det i mange år har vore eit lågt lakseinnsig til norskekysten.  

Veit ikkje nøyaktig kor vandringsrutene er 

Ved oppdrett til havs, kan det komme oppdrettsanlegg i eller nær vandringsrutene til villaks.  

– Akkurat kvar villaksen sym ute i havet når den er på veg til oppvekstområda eller når den skal tilbake til elva for å gyte, er lite kjent, seier Vikebø. 

Det gjer det vanskeleg for forskarane å svare heilt konkret på kva effekt oppdrett ute i havet vil få på villaksen. 

Må ta høgde for at lakselus kan skape problem 

– Samstundes veit ein frå erfaringar med oppdrett langs kysten og i fjordane, at oppdrett er negativt for villaks. Lakselus vert i dag rekna som eit så stort problem at vekst i oppdrettsnæringa blir regulert etter kor stor påverknad lus har på villaks i dei ulike produksjonsområda langs kysten. 

– Sidan vi ikkje har oversikt over kor villaksen oppheld seg ute i havet, blir det viktig å ha tiltak som reduserer risikoen for at lakselus frå anlegg spreier seg til villaks, seier Vikebø. 

Døme på slike tiltak kan til dømes vere kva lokalitetsstruktur ein vel, bruk av nedsenkbare merdar, brakklegging, og at det er tilgjengeleg tilstrekkeleg behandlingskapasitet dersom oppdrettsfisken får lus på seg. Ein må også ta omsyn til andre typar smitte når ein vel korleis anlegga skal plasserast og drifta. 

Bør starte i det små og bygge opp erfaring og kunnskap 

– Når ein no skal i gang med havbruk til havs bør næringa startast opp trinnvis. Då vert det mogeleg å følge med på kva effektar oppdrett ute i havet har på miljøet og eventuelt gjere endringar undervegs, før næringa har vakse seg stor i områda som er aktuelle for denne næringsverksemda, seier Vikebø. 

I høyringssvaret anbefaler forskarane mellom anna å bruke modellar som viser straumforhold og spreiing av lakselus og anna smitte slik at ein kan få ein optimal lokalitetsstruktur frå start.  

– Slike modellar brukar vi allereie til å sjå på spreiing av lus langs kysten og i fjordane, og ein bør nytta slike modellar også for å vurdera korleis ein legg ut anlegga i dei aktuelle områda i havet, seier Vikebø. 

Men for å få gode svar frå modellane trengs det også informasjon om oppdrettsanlegga og -fisken. 

– Vi har også vektlagt at produksjonsplanar må ha tilstrekkelege detaljar om biomasse, type drift, talet på lokalitetar og produksjonssyklus slik at talmaterialet for å gjere ulike undersøkingar og berekningar er best mogeleg, seier han. 

Rømt oppdrettslaks kan dukke opp i andre land 

Også ute i havet kan rømt fisk få negative konsekvensar for villaks, meinar forskarane.

– Generelt kan vi seie at jo nærmare norskekysten eit anlegg er, til større er risikoen for at rømt oppdrettslaks vil oppsøke fjordområda og vassdraga våre, seier Vikebø. 

Han peikar også på ei anna problemstilling som blir relevant når oppdrett blir flytta ut i havet: rømt, norsk laks frå desse anlegga kan ende opp i andre land. 

– Om oppdrettslaks rømmer frå anlegg som ligg langt vest, vil fisken herifrå kunne spreie seg over eit større geografisk område enn dei som rømmer nærare norskekysten. Det inneber at slik fisk også kan ende opp i andre land, seier han.