Øyvind Kråkås leder det nye konsulentselskapet Havbrukspartner. Interessen for næringen fikk han selv fra naboene fra Sollund, Sulefisk. Foto: Magnus Petersen.

Havbrukspartner inngår avtale med ProAqua AS

Havbrukspartner hmelder dei no forhandlar gjenfangstgarn og leppefiskskjul frå ProAqua AS.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Avtalen med ProAqua AS er inngått som ei fylgje av eit godt samarbeid med ein av eigarane og initiativtakarane til selskapet, Audun Oddekalv, melder selskapet.

- Audun er frå Solund, slik som eg. Han bur på Værlandet, der Johnny Kjæmpenes kjem frå, og har gått på skule med Arild Hagenes. Det er klart vi vil samarbeide med han, seier Øyvind Kråkås i Havbrukspartner.

Audun Oddekalv er kjend for mange gjennom Værlandet Fiskeredskap. Gjenfangstgarna er produserte der.