Ferskvassbadbehandling har den største avlusingseffekten, men også den metoden bør brukast med omhu.

Meiner dette er den mest effektive lusebehandlinga

Ferskvassbad er den mest effektive behandlinga, men all handtering inneber risiko for fisken, skriv Havforskningsinstituttet.

Dei siste ti åra har oppdrettsnæringa teke steg vekk frå å møte lakselusutfordringa med legemiddel, fordi lakselusa var i ferd med å utvikle resistens mot mange av dei mest brukte midla. 

I dag er difor tre av dei viktigaste avlusingsmetodane i oppdrettsnæringa ikkje-medikamentelle: termisk behandling, mekanisk behandling og ferskvassbehandling. 

Metodane har ikkje vorte systematisk studerte og samanlikna før no. 

- Forsøka våre syner at behandling med ferskvassbad, åleine og kombinert med andre metodar, har den største avlusingseffekten. Behandlinga fjernar flest lus, seier prosjektleiar Samantha Bui i ei sak på Havforskningsinstituttets heimeside.

Studien synte òg at «brakkvatn» (ionemodifisert vatn) hadde større avlusingseffekt enn normalt sjøvatn. 

Forskarane henta eksperimentelle data gjennom forsøk i kar, før dei i neste fase systematiserte data frå ein produksjonssyklus ved fleire kommersielle anlegg.

Handtering fører til dårlegare fiskevelferd

Når oppdrettslaksen vert avlusa ved hjelp av ein av desse tre metodane, vert han først trengt saman i merden før han vert flytta for behandling. 

- Eit av hovudfunna våre er at handteringa i seg sjølv påverka både talet lakselus og velferda til fisken, seier Bui.

Både prosedyrekontrollane i karforsøka og døyelegheitsdata frå kommersiell avlusing synte det same: handteringa knytt til behandlingane var den største årsaka til at fisk hadde dårlegare velferd, snarare enn behandlinga i seg sjølv.

Det einaste unntaket er behandlingane som inkluderte eit 34°C termisk bad, anten som behandling åleine eller i kombinasjon – det førte til det aller dårlegaste velferdsresultatet. 

Følgjene for fiskevelferda var elles lik mellom enkelt- og kombinasjonsbehandlingane. 

Høgst risiko ved termiske og mekaniske behandlingar

Studien syner vidare at når oppdrettarar skal velje avlusingsbehandling, er det i stor grad ei avveging mellom produksjonsmål og korleis det står til med fisken. 

- For fisk dei vurderte som svake, brukte dei meir varsame metodar. For fisk dei vurderte som meir robuste, så føretrekte dei meir risikofylte behandlingar, seier havforskaren.

Alle behandlingsformene medførte risiko for auka døyelegheit, men risikoen auka minst ved behandlingar som ikkje kravde at fisken vart flytta til ein brønnbåt. 

Toleranseforskjellar

Forskarane granska òg lakseluslarvar sin toleranse for temperatur og låg salthaldigheit, og kor vidt desse vart endra ved eksponering. Det kan gje innsikt i når og kor ofte ein metode kan verte brukt. 

Tre genetiske stammar vart undersøkte. Medan nivåa for temperaturtoleranse var like, fann forskarane signifikante forskjellar på epigenetisk nivå hos kopepodittane som vart eksponerte for vatn med låg salthaldigheit. 

Forskjellane var likevel ikkje konsekvente nok til at forskarane kunne utvikle diagnostiske markørar for eksponering og motstandsdugleik. 

Unngå framtidig resistens

Endå ferskvassbad kan vere ein gunstig avlusingsmetode – grunna effektiviteten og fiskevelferda – så bør ein vurdere nøye kor ofte metoden vert brukt for å unngå at lakseluspopulasjonar vert motstandsdyktige mot låg salthaldigheit.