Skifte av not på lokalitet Steinvik.
Skifte av not på lokalitet Steinvik.

Kommentar:
«Avstandsforhold på bristepunktet»

Onsdag 28 september blir beskreven som det største sjokket i norsk havbruksnæring nokon gong. Rettmessig har reaksjonane ikkje latt vente på seg både i form av børsras og bekymringsmeldingar som brer seg langs kysten.

- Vi spolar tida tilbake eit døgn før sjokket, der eg sjølv var ein av fleire som fekk anledning til å møte budbringer Vedum på hans eige kontor i Finansdepartementet, skriv Erlend Vassbotten i ein kommentar.

Saman med fleire av neste generasjons oppdrettera Alice Øksheim, Hanne Lundberg, Ole Martin Løfsnæs og Konstanse Karlsen reiser vi til finansdepartementet i Akersgata. Der blir vi sløyfa gjennom eit nokså strengt sikkerhetsregime, forståelig nok, før vi blir fulgt opp til ministerens kontor. Det fyrste som slår meg er at i veggane her ligg det mykje historie, her har det blitt tatt mange viktige beslutningar i eit bygg som innvendig får deg til å føle på opplevelsen av å være i ein labyrint. Eit snev av samme følelse skulle dukke opp dagen etter, men denne gongen i eit forsøk på finne døra ut gjennom skattar og avgifter utan at nokon visar vegen.

Bakgrunnen for møtet spelte på samme premisset som eg antar mange i næringa kjenner på no. Bekymring for framtida og ei bønn om forutsigbarhet. Tema under møte med Vedum var det vi meinar er kunstig høg verdisetting på konsesjonar, som førar til at dei privateigde familiebedriftene blir tappa for kapital gjennom at eigerane må ta utbytte til å dekke den særnorske formuesskatten.

Møtet er ferdig. Vi trakk lett, men nervøst på smilebåndet. Vi fekk tydelig fram budskapet vårt i den tida vi fekk til disposisjon med ein lydhør men ikkje overraskande hemmelighetsfull minister. Vi er samstemte. Møtet gikk bra, men det er noko som ikkje stemmer. Ein dag i forvegen har både Dagens Næringsliv og VG på lederplass koordinert publisert og forelska seg i ideen om grunnrente i havbruk. Kort tid etter varslar regjeringa pressekonferanse som må skje før børsen åpnar to dagar etter. Timingen og spådommen frå Oslo-kommentatoriet er upåklagelig.

Tilbake på kontoret dagen etter på Steinvik. Pressekonferansen er i gang, men eg har ikkje tid til å følge med på direkten i det eg viar tid til drifta. Ein SMS tikkar inn «Kva var det egentlig som skjedde på møtet i går?!» med ei blanding av humoristisk og alvorlig undertone. Det går opp for meg at det sannsynligvis blir presentert sprengstoff på ikkje tilfeldig utvalgte Blaafarveværket som er eit museum som blant anna formidlar industrihistorie. Symbolikken er eksemplarisk.

No er det over ei veke sidan eit nytt kapitel i norsk industrihistorie blei skriven. Frå då til no har tida i stor grad blitt fylt med telefonsamtalar, utregningar, informasjonsmøter, tyding, tolking, tankar og refleksjon. Tid vi helst skulle brukt til å diskutere forbetringar i drifta, planar for utvikling og innovasjon. Konsulentar og advokatar er snare med å tilby sin analyse og ekspertise i håp om å kunne rådføre deg på vegen vidare med dei nye spelereglane som no er på høyring. Fokuset forflyttar seg frå det som er viktig til å finne ut om vi har investert rett i fortida og om vi er strukturert rett for framtida.

Det er mange ubesvarte spørsmål og frustrasjonen brer seg nok blant mange når mykje tydar på at Vedum og hans rådgivera ikkje har satt seg inn i eller forstår korleis havbruksnæringa fungerar. Eksempel på dette er forslaget om årlig bunnfradrag på 4 – 5 000t MTB som blir framstilt som det same som eit årleg produksjonsvolum. Varsellampene bør og lyse når det blir foreslått at det skal brukast normpris som utgangspunkt i beskatning på eit produkt som kan ha stor variasjon i kvalitet.

Man skulle kanskje tenkje seg at fiskeriministeren kom med innsikt i slike problemstillingar, eller? Sjølv ser eg på dette som at risikoen har auka for at ei viktig næring i stor grad blir slått bein under på grunnlag av manglande kompetanse hjå myndigheitene.

Fleire eg kjenner som har mindre kunnskap om næringa har spurt meg om konsekvensar når det blir innført grunnrente. Mitt ærlige svar er at eg ikkje veit, fordi det er som nevnt alt for mange spørsmålsteikn hengande i lufta. Når eg blir spurt om det ikkje er rett og rimelig at næringa bør bidra meir er mitt svar «ja, men». Når man skal forklare at man i dag bidrar gjennom produksjonsavgift, eiendomsskatt på sjø, eksportavgift, utbytteskatt, formuesskatt i tillegg til sjølvsagt ordinær selskapsskatt og framover er det forslag om økning i produksjonsavgift, innføring av naturressursskatt, økt verdisetting som førar til økt formueskatt, økt utbytteskatt og ikkje minst grunnrenteskatt, blir det komplisert. Budskapet eg kan formidle er at fleire av skattane er uavhengig av overskudd slik at man kan risikere i eit dårlig år å få over 100 % beskatning. Er det rett og rimelig?

Til refleksjon innfridde Vedum på budskapet vårt under møte og tok like godt å satt ned verdien på heile havbruksnæringa. Ein ting er å være bekymra for skatteskurane som no blir innført etter høyringa på nyåret, ein anna ting er å være bekymra for korleis skruane blir stramma i løpet av tre, fem og ti år. Ringvirkningane brer seg nok lengere utover havbruk der andre næringar sannsynligvis no sit stille i båten og ventar spent på kva som ventar bak neste skjær. Dette på bakgrunn av at regjeringa tydelig har bevist at svært inngripande tiltak kan innførast nesten over natta. Kommunane blir fridd til med løfte om tildelingar gjennom dei nye skattane, men her bør dei ha friskt i minne om korleis det endte med tildelinga i havbruksfondet.

Næringa var nok innstilt på skjerpelsar, men å bli overfalt på åpen gate var dei fleste ikkje forberedt på. Eg har fått styrka min mistanke om at utfordringa er manglande kunnskap hjå myndiheitene om korleis denne næringa fungerar. Kunnskap om at denne næringa også har aukande produksjonskostnader gjennom dyrare råvarer og energikostander. Kunnskap om risiko man tar gjennom ein lang biologisk produksjon. Forståelse for eit rivande behov for utvikling og innovasjon der den viktigaste innsatsfaktoren er kapital. Den aller største frykta mi opp i alt dette er avstanden mellom næring og myndigheiter frå kyst til by. At evna til kunne kommunisere, halde god dialog og bidra til kunnskapsdeling blir omtrent fråværande. Uro og frykt for at avstandsforholdet ikkje vil fungere. Onsdag 28 september blir for meg huska som dagen då politisk risiko blei den største trusselen for utvikling av norsk havbruksnæring.