Kristian Steinestø, dagleg leiar i Vik Settefisk. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Flunkande ny RAS-teknologi installert i Øygarden

Hos Vik Settefisk i Øygarden har dei installert ny modulbasert RAS-teknologi for produksjon av postsmolt. – Konseptet har fleire fordelar, fortel dagleg leiar Kristian Steinestø til kyst.no.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Selskapet fekk for nokre månader sidan i gong produksjonen i den fyrste RAS-modulen og har dei siste vekene installert den andre.

- Då kvar modul er ein isolert einheit med eige vassinntak, pumper, teknikk og system gjev dette ein svært lav risiko for smitte om det skulle oppstå sjukdom, i tillegg til er nytt vatn inn i anlegget grundig reinsa, både sjø og ferskvatn, fortel Steinestø til kyst.no.

Slik såg det ut under installeringa av den andre modulen. Det er god plass til den tredje foran og bak denne ligg den fyrste. Foto: Linn Therese Skår Hosteland. 

For å byggje opp den påvekst-hallen, og teknologien som høyrer med har dei fått 3,5 millionar i støtte og 2,5 i lån frå Innovasjon Norge. Totalt vil det bli sett opp tre stykk «LR 12 Ras-modular» i hall 2.

- Med den nye påvekst-avdelinga aukar inntekta til bedrifta med over 50 prosent, og så langt har me investert 20 millionar på hall, modular, elektro og grunnarbeid.

Fleire avdelingar

Svigerfar hans Bjarte Landro starta bygginga av anlegget tilbake i 1987 og Kristian og kona tok over i 2011. Ettersom dei har bygd ut litt etter litt gjennom åra består anlegget i dag av fleire avdelingar og ulik RAS-teknologi.

- Eit av dei førebyggande tiltaka me innfører er at dei tilsette får ansvar for ulike avdelingar og berre skal halde seg i desse, slik at ein slepp smitte, fortel han.

For Steinestø er det tre ting som sikrar ein god postsmolt-produksjon.

- Inntaksreinsing av spedevatn, temperaturer under 13 grader og gode hygienetiltak er ekstremt viktig, understrekar han.

Når det gjeldt utfordringar i produksjonen har han møtt på desse og.

- Det to største er i hovudsak sår grunna bakterielle infeksjonar og tidleg kjønnsmodning. Med dei nye modulane rett temperatur og belysning reknar me ikkje å sjå noko til desse, seier Steinestø.

Over 250 gram

Den nye hallen. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Selskapet var ein av dei fyrste i Noreg som produserte postsmolt, og fisken som no søm i den nye modulen vart satt inn på 90 gram og skal setjast ut i sjø i mars.

- Då skal den ha ei snittvekt på 350 gram. Me ser ei trend i at oppdrettarane ynskjer fisk på over 250 gram, opplyser han.

Modulane kan driftast både på ferskvatten og sjøvatn, og Steinestø fortel dei har som rutine å gje fisken ein roleg overgang når fisken er på sjøvasstilvenning.

- Me startar på tre til fire promille før me sakte aukar saliniteten over nokre dagar. Dette er med på å få heile grupper med på overgangen til sjø og me unngår pinneutvikling som følgje av usynkron smoltifisering.

På sjøvatn kan dei ligge på frå 0 - 20 i salinitet i dei nye modulane, men etter overgang sjø ligg dei på rundt 18.

- Eit kar har kapasitet på 330 000 stykk 300 grams postsmolt årleg med ein tettleik på 75/kg på kubikken og me har overdimensjonert noko for å kunne halde på fisken dersom det vert naudsynt, seier han.

Modulen har mellom anna skivefilter frå NP Innovation. Dette har dei valt grunna at det har ei større overflate enn tradisjonelle trommelfilter.

Syner fram ny teknologi

Sterner eig 20 % av Vik Settefisk, medan Engesund Fiskeoppdrett 55% og resten eig Ingrid Landro, sambuar til Kristian. Teknologien som dei installerer er og levert av Sterner og førebels det det einaste av sitt slag i drift i verda.

- Me har store fordelar med å ha Sterner med på laget. Gjennom åra har lokaliteten vår vorte mykje brukt til både framvisning og uttesting av teknologi og det tykkjer me er kjekt.

Framover er han klar på at dei saman med Sterner vil fortsette uttesting og utvikling av ny teknologi.

- Det er med ny teknologi og industrialisering ein kjem seg framover. Med dagens lakseprisar må ein likevel ikkje miste fornufta og ta kjappe val. Me har brukt 2,5 år på utvikling av den nye påvekst-delen, legg han til.

Nøkkeltal for LR - 12 modulen (12 metring):

  • Volum 440 m3
  • Maks biomasse 33 tonn
  • "Flow" over CO2 lufter og gjennom kar 15 000 l/min
  • Maks foring 450 kg/døgn
  • Overflate biomedia 45 000 m2
  • Beregnet CO2 ved maks biomasse er ca 15 mg/l
  • Strømforbruk ved max fôring ca. 40 kw – Innstallert effekt ca. 50 kw – Energi til tempjustering 10-50 kw