Dette blir klasserommet til naturbruk-elevane ved Kristiansund vgs.

Kristiansund vgs. får oppdrettstillatelse

Kristiansund vgs. får oppdrettstillatelse for inntil 780 tonn laks. Dermed får elevar i naturbruk eit ordentleg oppdrettsanlegg som «klasserom».

Publisert Sist oppdatert

Skolen sitt samarbeid med Nekton AS gjer at naturbruk-elevane skal ha skoledagar på lokaliteten Solværet på sørsida av Smøla – ein 25 minutt båttur frå Kristiansund sentrum.

- Elevane får klasserom på merdkanten der fisken produserast. Dei får kjenne på naturkreftene, på havet, og dei får vere med i stort omfang på det som skjer på eit oppdrettsanlegg, seier Roger Osen, dagleg leiar ved Nekton AS.

Akvakultur blir styrka

Ein gledesstrålande rektor Marit Bjerkestrand seier at løyvet for dei neste ti åra frå Fiskeridirektoratet vil styrke akvakulturopplæringa ved skolen. Og det vil styrke band og halde fram det gode samarbeidet mellom skolen og akvakulturnæringa.

- Dette er det største og mest positive som eg har opplevd i mi skolekarriere, slår ho fast.

Prosessen har tatt tid. Kristiansund videregående skole har med hjelp frå både juridisk avdeling og kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen, jobba i to år med å utforme den omfattande søknaden. Og halvanna år etter at søknaden vart sendt inn, er svaret frå Fiskeridirektoratet positivt.

Får tilgang til moderne utstyr

- Det er så gledeleg fordi vi får eit samarbeid med næringslivet som gir elevane våre det aller beste av kva vi kan tilby av «klasserom». Dei får tilgang til ein lokasjon med det mest moderne utstyret, og som dekker dei fleste av læreplanmåla i akvakultur, seier Bjerkestrand.

Også kompetansesjef Kariann D. Flovikholm gleder seg over at Kristiansund vgs med oppdrettskonsesjonen får moglegheit til å gi elevane ein enda meir realistisk fagutdanning, og med det ein verdifull kompetanse og erfaring i faget.

- Her får elevane lære oppdrett på den beste aller beste måten, seier Flovikholm.

I heile produksjonskjeda

Elevane på Vg1 Naturbruk vil ha cirka 48 undervisningstimar i året på lokaliteten, i programfag og yrkesfagleg fordjuping. På Vg2 Akvakultur vil heile den yrkesfaglege fordjupinga (253 timar) og delar av felles programfag (312 av 477 timar) vere på lokaliteten.

Nekton AS skal tilby undervisning i alle delar av produksjonskjeda, frå rogn til matfisk og slakteri. Vidare vil dei legge til rette for at elevane kan delta i dei fleste typar arbeidsoperasjonar som inngår i dagens akvakulturverksemd.

Eit løft for Kristiansund

Nekton-sjef Roger Osen seier at oppdrettskonsesjonen og det nye tilbodet for elevane på naturbruk er eit løft for utdanningsbyen Kristiansund. Han trur også det er sannsynleg at elevar som har gjennomført VG2 tar vidare utdanning ved Fagskolen eller ved det øvrige utdanningstilbodet ved Campus Kristiansund.

- Havbruk, det blå rommet, er ei kjempestor næring på Nordmøre. Vi treng i åra framover utruleg mykje arbeidsfolk og kompetanse. Då er det viktig at vi får eit godt utdanningstilbod, seier Osen.

Rektor Marit Bjerkestrand opplyser at Staten bidreg med 6,2 millionar 2024-kroner årleg i ti år som finansiering for skolen sitt nye tilbod.