Wt av anleggene til Langøylaks AS i Austevoll. Foto: Langøylaks.

Fokus på mekanisk og biologisk avlusing ga resultat for Langøylaks

Langøylaks omsatte for vel 5o millionar i snitt per konsesjon i 2016. Dei drar fram at investeringa deira i rognkjeksoppdrett har vore viktig for resultatet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Langøylaks AS har tre matfiskløyver og produserer laks på lokaliteter rundt Møkster i Austevoll kommune. Ifølgje rekneskapet til selskapet auka omsetninga frå 138 millionar i 2015 til vel 158 millionar i 2016. Driftsresultatet auka og betydeleg til 45,5 millionar (15 mill. i 2015), medan årsresultatet vart på 34,9 millionar. Dette omtalar selskapet som eit svært tilfredstillande resultat.

- Marknadsutviklinga i laksenæringa har vore positiv i 2016, og ser ut til å halde fram i 2017, kommenterer selskapet i si årsberetning.

Dei påpeikar likevel at selskapet er eksponert for finansiell risiko på ulike områder.

- Spesielt prisrisiko. Målsettinga er å dempe den finansielle risikoen i størst mogleg grad. Noverande strategi inneber ikkje bruk av finansielle instrument, men vert fortløpande vurdert av styret, skriv dei og legg til at dei ikkje har etablert prissikring gjennom finansielle kontraktar.

Biologisk og mekanisk avlusing

Dei skriv at selskapet er mannskapsmessig og mekanisk i stand til å utføre dei fleste operasjonar i drifta sjølv, noko som igjen  gjer at viktige operasjonar kan takast i rett tid.

I 2016 la dei og ned store ressursar i biologisk avlusing, med gode resultat.

- Selskapet satsar målretta på biologisk avlusing med leppefisk og rognkjeks i den hensikt å redusera behovet for kjemisk og mekanisk avlusing.

Det påpeikarst at deira investeringar i oppdrett av rognkjeks, gjennom selskapet Vest Aqua Base har vore svært viktig.

- Vi har i tillegg til å ha sterkt fokus på biologisk avlusing, investert i innovative utviklingsprosjekt med mekanisk ikkje-medikamentell behandling som mål. Selskapet er også involvert i fleire prosjekt som søkjer utviklingskonsesjonar gjennom statleg ordning, legg dei til.

Investerer for betre arbeidsmiljø

Vidare viser dei til at personalforhold og arbeidsmiljø er et prioritert område for selskapet.

- Det er lagt vekt på å investere i anlegg, flåtar, fartøy og utstyr som er tilpassa- og tryggjer arbeidet for dei tilsette. Det er lagt vekt på at anlegga har gode personalfasilitetar.

Dei melder og ubetydelig sjukefråvær i 2016, og opplyser at det vart tatt ni mllionar i utbytte.