Ikkje tillate med bifangst i fiske etter leppefisk

Det er ikkje tillate å behalde bifangst i teiner eller ruser som er sett ut til fangst av leppefisk. Dette går klart fram av forskrift om regulering av fisket etter leppefisk i 2018.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

All bifangst skal straks tilbake i sjøen på ein slik måte at den ikkje vert skadd og at den finn tilbake til sitt naturlege miljø. Denne ordninga gjeld også leppefisk fanga i strid med gjeldande minstemål eller som av andre grunnar må setjast tilbake i sjøen, melder Fiskeridirektoratet i ei pressemelding. 

Sjå til at du ikkje påfører skade

Når du set bifangst ut att skal dette skje straks og så skånsamt som mulig på staden der ein trekkjer reiskapen for å sikre god overleving og fiskevelferd.

Det er framleis krav om inngangssperre i reiskapen for å redusere bifangst av andre artar enn leppefisk, sjølv om fiskar er pålagt å straks sleppe all bifangst tilbake i sjøen.

Det same gjeld påbod om fluktopningar for å sikre at leppefisk under minstemål lett kan ta seg ut av reiskapen.

Reiskapsavgrensing

Reglane for reiskapsavgrensing i utøvingsforskrifta § 33 vert ført vidare; «I fisket etter leppefisk kan det fra et merkeregistrert fiskefartøy ikke benyttes mer enn 100 teiner og ruser til sammen på kyststrekningen fra grensen mot Sverige til og med Agder. På kyststrekningen fra og med Rogaland og nordover kan det fra et mekreregistrert fartøy ikke benyttes mer enn 400 teiner og ruser til sammen. Redskapsbegrensningene i dette ledd gjelder også når samme person eller de samme personene benytter flere fartøy.»

Kjem an på drifta

Reglane om reiskapsavgrensing gjeld også for fartøy som deltek i lukka gruppe. Korleis regelen skal tolkast dersom eigar har to eller fleire båtar som begge har fått høve til å delta i lukka gruppe, kjem an på drifta.

Dersom eigar sjølv deltek med begge båtane kan han ikkje delta med meir enn 400/100 teiner eller ruser til saman på dei to båtane til ei kvar tid.

I lukka gruppe er det ikkje krav om at eigar sjølv står om bord under fisket.

Dersom eigar vel å delta sjølv med den eine båten og overlèt drifta av den andre båten til ein annen kan begge dei to båtane drive med 400/100 teiner eller ruser.

Les meir på direktoratets nettside.