Fra åpningen av Veterinærinstituttets nye bygg på Ås: Odd Emil Ingebrigtsen, fiskeri- og sjømatminister, Edgar Brun, avd. dir. fiskehelse ved Veterinærinstituttet og Torill Moseng, adm. dir. ved Veterinærinstituttet. Foto: Eivind Røhne

Styrker Veterinærinstituttet si nasjonale rolle innan fiskehelse

I framlegget til Statsbudsjett for 2022 styrker Nærings- og fiskeridepartementet den nasjonale rolla til Veterinærinstituttet innan fiskehelse knytt til arbeid med kunnskapsbasert forvaltning, god beredskap og konkurransekraftige bionæringer.

Publisert Sist oppdatert

Nærings- og fiskeridepartementet kunngjorde 12. oktober at dei foreslår ei løyving for 2022 på 70,55 mill. kroner til Veterinærinstituttet: Det er om lag som i 2021, justert for prisstigning.

- Budsjettframlegget gir ei klar retning for Veterinærinstituttet sitt vidarearbeid med å framskaffe nasjonale oversiktar over fiskehelse- og velferd. Dette understreker kor viktig det er å samle, samanstille og analysere helsedata frå oppdrettsanlegg langs heile kysten. Omtalen frå departementet i framlegget til statsbudsjett framhevar rolla vi har som Nasjonalt referanselaboratorium, seier Edgar Brun, avdelingsdirektør for fiskehelse og –velferd i Veterinærinstituttet.

- Vi er óg godt nøgde med at Nærings- og fiskeridepartement i budsjettframlegget understrekar kor viktig det er å sikre forutsigbar tilgang på helsedata frå private aktørar. Dette er sentralt for at instituttet fortsatt skal kunne løyse samfunnsoppdraget vårt med å sikre god fiskehelse og fiskevelferd godt, relevant og risikobasert óg i framtida, fortset administrerande direktør Torill Moseng i pressemeldinga. 

Redusere produksjonstap i havbruk

I oversikten over prioriteringar for 2022 i budsjettframlegget heiter det mellom anna at Veterinærinstituttet skal auke kunnskapen om dei viktigaste drivarane for sjukdomsutvikling i oppdrettsnæringa. Reduksjon av produksjonstap i havbruk skal prioriterast gjennom betre dokumentasjon av årsaker til at fisken døyr.  I Fiskehelserapporten anslår Veterinærinstituttet årleg det samla produksjonstapet innan oppdrettsnæringa.

Referanseoppgåver i Noreg og internasjonalt

Veterinærinstituttet skal, som omtalt i budsjettframlegget, utvikle auka kunnskap om sporing av smittestoff og føre vidare arbeidet med å utvikle nye og meir effektive metodar og rutinar for tidleg varsling samt rask og presis fiskediagnostikk. Dette gjeld både kjende og ukjende sjukdomar samt  nye sjukdomar. Instituttet skal ivareta si rolle for nasjonale og internasjonale referanseoppgåver og bidra til å forstå betre dei ulike rollane innan matforvaltninga.

Sikre forutsigbar løysing for datagrunnlag

Ei god og forutsigbar datatilgang om sjukdomar i oppdrettsnæringa er ein kritisk faktor for å nå måla til Veterinærinstituttet. I budsjettframlegget står at det at inntil det føreligg ein forutsigbar løysing som sikrar instituttet eit tilstrekkelig datagrunnlag, må instituttet, i dialog med aktørane, arbeide for ei så god tilgang til relevante data og prøvar som mogleg..

Av andre prioriterte oppgåver er vidareføring av satsinga på CostalWatch i saman med Havforskingsinstituttet nemnd. Her skal Veterinærinstituttet bidra med epidemiologisk kompetanse til auka kunnskap om sjukdomsdrivarar i kystområda.

Innan fiskevelferd er arbeid med velferdsindikatorar for oppdrettsfisk ei prioritert oppgåve. Vidare skal ein prioritere offentleg-privat sektorutvikling innan havbruk og vidareutvikling av trafikklyssystemet for berekraftig vekst av oppdrettsnæringa.

Høyr gjerne talene til statsrådane Odd Emil Ingebrigtsen og Olaug V. Bollestad under opninga av det nye hovudkvarteret til Veterinærinstituttet på Ås 1.

september i år.