Gadus Group sitt anlegg ved Alida i Volda.

Krev timeout for torskeoppdrett etter rømming

Etter rømming av torsk ved eit oppdrettsanlegg i Volda krev no Naturvernforbundet at all oppdrettstorsk frå Gadus Group AS takast opp av sjøen, og at framtidige utvidingar av næringa settast på vent.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Naturvernforbundet skriv i ei pressemelding at dei gjennom pressa har fått vite at Gadus Group AS / Sunnmøre Torsk AS sitt fiskeanlegg ved Alida i Volda har hatt 2 eller 3 tilfelle av hol i merdene dei siste par vekene.

- Naturvernforbundet krev no at all torsk som Gadus Group har i merdene i Volda og andre stader må takast opp av sjøen med ein gong, og at alle søknader om torsk i merd som ikkje er komen så langt at det er torsk i sjøen, må setjast på vent til ein har fått klårlagt, tatt stilling til og løyst problema som no har kome fram, skriv dei.

Påklaga i vinter

Tillatinga ved Alida blei klaga på av Naturvernforbundet ved årsskiftet. Då det blei sett ut merder og fisk i påska, før klaga var handsama, sette Naturvernforbundet fram krav om oppsetjande verknad av denne klaga. Eit sentralt tema i klaga har vore at viss tam torsk rømmer og får høve til å blande seg med vill torsk, så har det ifølge Naturvernforbundet ukjende konsekvensar for kysttorsken.

- Føresetnadene stemmer ikkje

Naturvernforbundet skriv vidare at Gadus Group AS har i sine søknader hevda at:

  • torsken var ved avl ikkje lenger interessert i å bryte seg ut av merdene
  • merdene var spesielt gode og sikre
  • eit eminent internkontrollsystem ville hindre rømming

- Det ser ut som desse føresetnadene ikkje stemmer. Vi bit oss også merke i at den eminente internkontrollen ikkje var betre enn at lokale fiskarar oppdaga rømminga før verksemda sjølve visste noko, skriv Naturvernforbundet .