Terje Breivik vert første daglege leiar i Rolv Haugarvoll
Sjømatkonsernet Rolv Haugarvoll AS, som mellom anna eig Linga Laks AS, har tilsett Terje Breivik som den første daglege leiaren i verksemda. Med tilsetjinga styrkjer styret arbeidet for at konsernet og selskapa i konsernet skal ta nye steg på vegen med å produsera berekraftig mat verda treng, og skapa arbeidsplassar og utvikling i Hardanger.
Styreleiar og eigar av Rolv Haugarvoll AS, Erlend Haugarvoll, seier det både er nødvendig og naturleg at eigarselskapet og familien no proffesjonaliserar eigarforvaltninga av konsernet.
- Med eigarinteresser i heile 13 selskap var det ei enkel avgjerd for styret å oppretta dagleg leiar stillinga. Når me i tillegg har tilsett ein harding i jobben, Terje Breivik, med den bakgrunnen og røynsla han har, både som leiar og toppolitikar er me svært fornøygde, seier Haugarvoll i ei pressemelding.
- Ei sentral arbeidsoppgåve for Breivik er, i tett samarbeid med selskapa våre, å utarbeida ein overordna strategi for konsernet. Målet er at me skal verta endå betre på viktige parameter som klima- og naturavtrykk, fiskehelse, etablering av arbeidsplassar i Hardanger, og ikkje minst ta vare på alle dei flinke folka som alt jobbar for oss i dei ulike selskapa, fortset Haugarvoll.
Terje Breivik er svært glad for å verta den første tilsette i Rolv Haugarvoll AS.
- Eg har kjent familien sidan eg var aktiv skiskyttar i ungdommen, og har hatt gleda å følgja den imponerande innsatsen dei har lagt ned for å utvikla konsernet over lang tid. Først Rolv og Åsta, og no Erlend og brørne hans. Å få høve til å jobba i eit konsern som alt gjer ein så viktig jobb med å produsera mat, men og betyr så mykje for trygge, gode arbeidsplassar heima i Hardanger, er så nær draumejobben ein kan koma, seier Breivik.
- Å få vera ein del av eit stort lag som jobbar med mål for auga å sikra nok, berekraftig mat til ei verd der mat er ein knappheitsressurs må vera noko av det mest meiningsfulla og gjevande ein kan halda på med, avsluttar Breivik.