Stig Tveit tar over som dagleg leiar i Tombre Gruppa frå 1. oktober 2022

Stig Tveit blir ny dagleg leiar i Tombre Gruppa

Stig har utdanning frå Handelshøgskulen i Bergen og har hatt stillinga som økonomileiar i Tombre sidan 1. februar 2018.

Publisert

Håkon Tombre går over i rolla som administrerande direktør. I tillegg til oppgåver i konsernet vil Håkon fokusera på marknad, strategi, forretningsutvikling og større prosjekt.

- Tombre har i mange år vore eit selskap i vekst. For å utvikla oss vidare trengst det dedikert fokus både på drift og strategiske val, seier Håkon Tombre i ei pressemelding frå selskapet.

Store prosjekt dei deltek i krev og mykje og fortener stort fokus, skriv dei.

- Dette er ei god løysing for framtida, både for selskapet og meg sjølv. Selskapet får ein ny dyktig dagleg leiar som kjenner konsernet godt og eg får meir tid å arbeide med det eg likar best, forretningsutvikling, sal og marknad.

- Dette er og eit godt tidspunkt å levera ansvaret vidare på. Selskapet er solid og har mange dyktige tilsette som vil bidra med å drifta selskapet på ein god måte. Eg er svært nøgd med å få til denne endringa. Me får ei god og kompetent leiing som saman med styret og den øvrige leiargruppa vil sikre drift og gode resultat i ei utfordrande tid med strammare rammevilkår, uttalar Håkon.

- Eg gler meg og er svært motivert til å påverke både drifta og utviklinga av konsernet. Tombre skal vera eit framoverlent selskap med fokus på fiskehelse, rett teknologi og bærekraft. Dei siste åra har Tombre gjort store investeringar som vil bidra til å tilfredsstille krav og forventingar frå både myndigheiter og samfunnet generelt. Med bakgrunn i god drift over mange år og ein velfungerande organisasjon, er eg sikker på at Tombre vert ein solid aktør også i næringa framover, seier Stig Tveit.

Anne Marte Tombre, som har vore tilsett i stillinga som Business Controller, vil overta som økonomileiar / CFO i Tombre etter Tveit.