– Regjeringa prioriterer å satse på mogelegheitene som havet gir, seier dei i ei pressemelding i samband med Statsbudsjettet for 2023.

- Regjeringa prioriterer havet i stramt budsjett

- I ei tid der det viktigaste for regjeringa har vore å prioritere tryggleik og rettferdig fordeling, foreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2023 å oppretthalde dei fleste løyvingane til havområdet på budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Publisert Sist oppdatert

– Regjeringa prioriterer å satse på moglegheitene som havet gir. Ressursane frå havet skal nyttas gjennom ei berekraftig forvalting som er basert på kunnskap. Dette skal danne grunnlag for framtidig verdiskaping i heile landet, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Stad skipstunnel vidareførast

Regjeringa foreslår å løyve 76 millionar kroner til vidareføring av forberedande arbeid med prosjektet Stad skipstunnel.

Stortinget vedtok våren 2021 bygging av Stad skipstunnel innanfor ei kostnadsramme på 4 090 mill. kroner. Sidan dette har prisane på fleire innsatsfaktorar i anleggssektoren auka betydeleg. Ein oppdatert kostnads- og framdriftsanalyse visar at ein kan forvente at kostnaden vil auke med om lag 23 prosent. Vidare har kommunane behov for meir tid til å utarbeide utgreiingar og reguleringsplanar for bruken av overskotsmassar frå prosjektet. For å leggje til rette for dette arbeidet blir tidspunktet for anbodsutlysing utsett til hausten 2023.

– Det auka kostnadsanslaget er om lag som ein kunne venta med den kostnadsutviklinga vi har sett i anleggssektoren dei siste åra. Vi vil no ta ein grundig gjennomgang av kostnadene i prosjektet, og kome tilbake til Stortinget med forslag om endra kostnads- og styringsramme for prosjektet, seier fiskeri- og havministeren.

Ocean Space Centre

Regjeringa foreslår å setje av 1 150 millionar kroner til bygging, utstyr og inventar for Ocean Space Centre. Ocean Space Centre er regjeringas viktigaste prioritering innafor maritim forsking, utdanning og innovasjon. Arbeidet med senteret er i tråd med føreliggande planer. Senteret forventast å være bygd ferdig i 2028.

10 millionar til forsking i polhavet

Regjeringa foreslår å støtte det internasjonale forskingsprogrammet GoNorth med 10 millionar kroner.

– GoNorth handlar om å styrke norsk kunnskap om Polhavet, om næringslivet sine moglegheiter, samt om Noreg sin rolle og posisjon som arktisk kyststat og leiande polar- og havnasjon, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Programmet GoNorth vil bidra til meir kunnskap og vidare kartlegging av havsokkelen lengst nord. Dette er i tråd med Hurdal-erklæringa. Det planlagde toktet i 2023 skal gjennomførast saman med Alfred Wegener-instituttet i Tyskland.

10 millionar til forsking og forvalting av havvind og havbruk til havsRegjeringa ønskjer god sameksistens mellom havnæringane, og vil derfor vite meir om korleis eksisterande og nye næringar påverkar kvarandre og økosystema. Regjeringa foreslår derfor å løyve 10 millionar kroner til Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet til styrking av kunnskapsgrunnlag og forvalting for utvikling av havvind og havbruk til havs.

– Skal vi klare å utnytte det fulle næringspotensialet må vi sikre god sameksistens mellom havnæringane. Vi skal utvikle nye berekraftige næringar, samtidig skal dei som bruker havet i dag vere trygge på at dei ikkje blir fortrengde, seier fiskeri- og havministeren.

25 millionar til senter for beredskap på Fiskebøl

Regjeringa foreslår å setje av 25 millionar kroner til vidare forprosjektering av test- og treningssenter for beredskap mot akutt forureining på Fiskebøl. Senteret skal mellom anna innehalde eit innandørs klimaregulert basseng, fire utandørs strandbasseng sprengt ned i fjellgrunnen og fasilitetar for dispergering og brenning av olje. Regjeringa har vurdert nedskalert utbygging og oppdaterte kostnadsanslag for ei etablering i Horten, og har konkludert med at den beste løysinga er å gå vidare med ei trinnvis utbygging av det opphavleg planlagde senteret på Fiskebøl.

– Regjeringa er opptekne av å styrke oljevernberedskapen i nord og vil vidareutvikle teknologi for beredskap mot akutt forureining som er tilpassa bruk i arktiske områder. Derfor vil vi gå vidare med å etablere testfasilitetar for tiltak mot akutt forureining på Fiskebøl. Etableringa av dette senteret blir ei stor investering for framtida. Vi har no gjennomførd ei ekstra gjennomgang for å sikre på at alle steinar var snudd, og eg er trygg på at vi har landa på den beste løysinga med full etablering på Fiskebøl, seier Bjørnar Skjæran.