Merd og servicebåt. Illustrasjonsfoto: Øyvind Sjøthun Røen.
Merd og servicebåt. Illustrasjonsfoto: Øyvind Sjøthun Røen.

Tilleggshøyring om nytt vekstsystem i havbruk

Nærings- og fiskeridepartementet melder at de i dag sender ut ei tilleggshøyring om nytt vekstsystem i havbruksnæringa (trafikklyssystemet) og fleksibilitet mellom produksjonsområde.

Publisert

Nærings- og fiskeridepartementet sende 24. juni 2016 eit forslag til nytt vekstsystem i havbruksnæringa på høyring. Forslaget innebar blant anna at eit kommersielt matfiskløyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjø berre kan utnyttast i det området løyva er heimehøyrande.

Det blei likevel foreslått ulike alternative reglar som gir fleksibilitet utover dette, blant anna eit generelt høve til å utnytte eit løyve innanfor produksjonsområdet den tilhøyrer og eitt tilgrensande produksjonsområde.

Departementet foreslår no eit nytt alternativ som inneber eit generelt tilhøve til å utnytte eit løyve innanfor tre produksjonsområde som grensar til kvarandre, inkludert det området løyva er heimehøyrande i.

Departementet har avgjort å gjennomføre ei forkorta høyring av forslaget. Frist for å gi fråsegn er 6. januar 2017.

Les og svar på høyringa her.