Sjøkart. Kilde: Kartverket

Treng nye sjøkart for å lukkast med ambisiøse havbruksplanar

– Dersom Noreg skal lukkast med sine ambisiøse planar for havbruk, trengst det langt betre kart enn det som er tilgjengeleg i dag, seier direktør Evert Flier i Kartverket sjø til Nett.no.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Han rosar fylkeskommunen og dei fem kommunane på søre Sunnmøre som har delfinansiert høgoppløyselege sjøkart på strekninga frå Vanylvsgapet nord for Stad til Breisundet sør for Ålesund og Giske.

– Kommunane har no fått utvida sitt arealplanområde til å gjelde ei nautisk mil utanfor grunnlina. Dei nye sjøkarta er viktige for at kommunane skal kunne leggje til rette for å ta heile havromet i bruk, seier han til nettavisa.

Flier viser spesielt til moglegheitene dei detaljrike sjøkarta gir for å identifisere nye superlokalitetar for havbruk.

– Dette bør vere plassar der det er god gjennomstrøyming, men samstundes ikkje så mykje straum at føda forsvinn. Samstundes må dei ikkje leggjast nær område som er viktig for andre fiskeslag, seier han.