Ei rad med såkalla nanoRAS, som rensar vatnet i UiT sitt forskingsanlegg i Kårvika. Foto: Bjørn-Steinar Sæther.

28 millionar til kapasitetsløft for berekraftig fiskeoppdrett

Noregs Fiskerihøgskule ved UiT Noregs arktiske universitet har fått 28 millionar frå Forskingsrådet til prosjektet CandRAS. No skal kompetansen på landbasert fiskeoppdrett hevast i heile landsdelen.

Publisert Sist oppdatert

Prosjektet «Kompetanse og utdanning innen landbasert produksjon av laks i resirkuleringsanlegg» (CandRAS) er eit næringsretta undervisnings- og forskingsprosjekt for omstillinga frå tradisjonell oppdrett på land i gjennomstrøymingsanlegg, der vatnet brukas berre ein gong, til resirkuleringsanlegg der vatnet brukast fleire gonger.

Når ein avlar fisk i RAS (resirkulerande akvakultursystem) kan ein produsera meir settefisk med dei ressursane me har. I tillegg kan ein redusere tida fisken er i anlegg i sjø, og såleis minske fara for lakselus og anna sjukdom. Utviklinga på dette feltet går rasande fort, og både forskinga og næringa slit med å holde følgje.

Auke på alle nivå

Ei rekke med kar til fisk under montering i NFH sitt anlegg i Kårvika. Kvart kar er knytta til sitt eige renseanlegg (nanoRAS). Foto: Bjørn-Steinar Sæther.

- Det skal me ta tak i no. Me skal auke kompetanse og kapasitet på alle nivå, både i næring og utdanning, seier ein glad Bjørn-Steinar Sæther.

Han er professor i biologi ved Noregs Fiskerihøgskule og prosjektleiar for CandRAS, som no altså har vunne fram i Forskingsrådet sitt program Kapasitetsløftet. Han fortel at dei 28 millionane kjem godt med:

- No kan me utvikle eit bredt utdanningstilbod innan RAS-biologi både til våre eigne studentar, til vidaregåande skule og som etter- og vidareutdanning til næringa, seier han i ei pressmelding. 

Eit UiT for både næring og velferd

- Det er viktig for UiT å jobbe for kompetanseheving i både offentleg og privat sektor, seier prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås.

Bjørn-Steinar-Sæther, professor i biologi ved Noregs Fiskerihøgskule. Foto: Audun Iversen.

- Me må ha eit kompetent velferdssamfunn med nok hender, men òg eit næringsliv som skapar ny aktivitet i landsdelen. Berre då kan me få ein regional utvikling, seier ho.

Tveiterås er derfor begeistra for at UiT no fortsett eit langt og godt samarbeid med næringa. Både Nofima, Blått kompetansesenter Nord og Sjømat Norge er med i CandRAS. I tillegg er to leiande forskings- og undervisningsmiljø med; Danmarks Tekniske Universitet og Freshwater Institute i USA.

Ei lang linje

Sæther fortel at dei har jobba med sjømatnæringa i fleire år, mellom anna der flere aktørar (lista nederst i saka) har finansiert ei professor-stilling ved skulen. Denne stillinga vil no verte sentral i CandRAS, og slik kan dei saman gripe fatt i utfordingane næringa står overfor.

Kathrine Tveiterås, prorektor for utdanning. Foto: David Jensen/UiT.

- Det er eit komplekst samspel me må perfeksjonere, fortel Sæther.

- Til dømes brukar me bakteriar til å reinse vatnet i RAS, så me må helde liv i både bakteriane og fisken samstundes, noko som ikkje alltid er like lett, innrømmer han.

Berekraftig omstilling

Berekraftige løysningar på komplekse problem er nett det UiT skal vere gode på, seier prorektoren:

- Me vil bidra til å utvikle berekraftige samfunn og vere ein del av ein berekraftig omstilling i næringslivet. Då er oppdrettsnæringa ein god samarbeidspartar, og me gler oss over at Forskingsrådet ser kor gode prosjekt me jobbar fram saman med næringane, seier Tveiterås.

Ordninga er organisert via Sjømat Norge, og det er 12 selskap som er med på spleiselaget til professoratet:

  • Akvafarm AS
  • Arnøylaks AS
  • Flakstadvåglaks AS
  • Gratanglaks AS
  • Grieg Seafood AS
  • Kleiva Fiskefarm AS
  • Lerøy Aurora AS
  • Mowi AS
  • NRS Finnmark AS
  • Salaks AS
  • Salmar AS
  • Wilsgård Fiskeoppdrett AS
  • Kapasitetsløftet er eit prosjekt frå Forskingsrådet som skal gje økt verdiskaping og omstilling i næringslivet i heile landet, ved at fleire fagmiljø ved universitet, høgskuler og forskingsinstitutt (UHI) blir meir relevante samarbeidspartnarar for det regionale næringslivet.
  • Resultata frå prosjektet skal styrke regionalt næringsliv, utvikle berekraftige samfunn og skape varig økt forskingskapasitet og kompetanse i forskingsorganisasjonar.