Dagleg leder Svein-Eivind Gilje ser utover visningsanlegget til Engesund Fiskeoppdrett.

Engesund Fiskeoppdrett er solgt

Tida for å skifta eigarar for Engesund Fiskeoppdrett er kommen. Troland Lakseoppdrett og Telavåg Fiskeoppdrett kjem inn på eigarsida og skal saman med Giljegruppa driva selskapet vidare. 

Publisert Sist oppdatert

Det meddelar Engesund i ei pressemelding.

- Me er svært glade for at Troland og Telavåg vert med på laget, seier dagleg leiar Svein Eivind Gilje. 

Gilje, som representerer Giljegruppa, er barnebarn av Lars Kleppe, som saman med Ingebrigt Kleppe fekk tillatelse og starta Engesund Fiskeoppdrett i 1987. I tillegg til den ordinære tillatelsen disponerer Engesund Fiskeoppdrett no ein visningstillatelse og ein mørkegrøn tillatelse. Med denne transaksjonen vil Giljegruppa sin eigardel bli 40 % i Engesund Fiskeoppdrett. 

Daglig leder Svein Eivind Gilje, her foran bilder utstilt på visningsanlegget. Gutten nederst til venstre er han selv i yngre dager.

Troland Holding AS (Troland Lakseoppdrett) og Knut Forland Invest AS (Telavåg Fiskeoppdrett) vil med dette eige 30 % kvar av Engesund Gruppa gjennom selskapet ETT Havbruk. 

- Me ser fram til å vere med å ta ut potensialet i Engesund si verksemd, med flinke folk og lokalitetar i Solund, Masfjorden og på Fitjar, der det også er fôringssentral, seier Svein Arve Forland, dagleg leiar i Telavåg Fiskeoppdrett. 

Transaksjonen er planlagt gjennomført i løpet av mars månad. INAQ har vore rådgjevar og forhandlingsleiar for seljarane, og Sparebank 1 Markets og Wikborg Rein har vore rådgjevarar for kjøparane. Partane er einige om at kjøpesummen ikkje vert offentleggjort. 

Sjå video frå Engesund Fiskeoppdrett sitt visingsanlegg under: