Lektaren Riga som har fått Skamik-lusespyler ombord. Foto: Hans Helge Vik.

Storstilt skipsdåp på Tysnes

Alsaker-konsernet skal døype heile tre fartøy fredag 19. august, blant dei er avlusingsverktøyet «Riga», utstyrt med Skamik-lysespylar. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Storsatsinga til Alsaker har vore i drift på Fjellberg-lokalitetane eit par månedar allereie, men vert fyrst døypt no på seinsommaren. «Riga» er ombygd på Stal Complex for å verta tilpassa ny bruk, og deretter utrusta av Halsnøy Dokk i Kvinnherad.

- Med lekteren «Riga» kan me driva avlusing av laks utan bruk av medikament og kjemikalium. Laksen vert spylt og kosta fri for lus, og så vert lusa og luseegga samla opp og destruert, seier Kristian Råsberg, samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk til Tysnesbladet.

Alsaker Fjordbruk skal samtidig døypa arbeidsbåtane «Unzen» og «Pilato», som har fått vulkanske namn.

- Dei store arbeidsbåtane våre vert no kalla opp etter vulkanar. Då har me ein gjennomført namneserie, fortel Råsberg til lokalavisa.

Totalt har selskapet 30 store arbeidsbåtar i flåten. I tillegg kjem eit tjuetals småbåtar.

  • Konsernet ein kapasitet på nærare 30 millionar settefisk og ein matfiskproduksjon, med utgangspunkt i 22 konsesjonar.