Gå til innhold
Annonse
Bioteknoligirådet i Bergen arrangerar ope møte om GMO-laks.
Bioteknoligirådet i Bergen arrangerar ope møte om GMO-laks.

Bioteknologirådet inviterar til ope GMO-møte i Bergen, der ein skal diskutera blant anna kva genmodifiseringa vil ha å seie for helsa til laksen og dei som skal ete han. - Vil den nye laksen truge Noregs stilling som verdas største innan fiskeoppdrett?, spør dei.

Annonse

I november 2015 godkjende USA for fyrste gong ein genmodifisert laks for sal. Selskapet AquaBounty står bak fisken som har fått sett inn eit gen for veksthormon, som skal gjere at han veks heile året og skal nå slaktevekta fortare enn annan laks.

- Korleis vil den genmodifiserte laksen påverke miljøet, og kva vil genmodifiseringa ha å seie for helsa til laksen og dei som skal ete han? Vil den nye laksen truge Noregs stilling som verdas største innan fiskeoppdrett?, er spørsmåla som vert tatt opp under GMO-møtet ifølge Bioteknologirådet.

Les også: Nå kommer GMO-laks

Arrangørar for debatten er Bioteknologirådet, Havforskingsinstituttet og Nifes. Det heile skjer ellevte februar på Litteraturhuset i Bergen.

Debattpanelet består av Egil Ove Sundheim, fiskeriutsending til USA frå Noregs sjømatråd,

Håvard Bakke, direktør i Salmobreed, Audun Helge Nerland, professor ved Universitetet i Bergen, og

Rune Waagbø, forskingssjef, fiskeernæring, fiskevelferd og -helse ved Nifes. Ordstyrar vert Sissel Rogne, direktør i Havforskingsinstituttet.

Lunken instilling for GMO

Per Grieg uttalte til Kyst.no tidlegere at GMO-laks ikkje er noko dei ynskjer velkommen som eit marknadsprodukt.

Les også: Ønsker ikke GMO-laks som markedsprodukt

- Det er ein komplisert bodskap å bere fram, og me trur det vil ta mange år før dette befester seg som anna enn eit nisjeprodukt, sa han då det ble kjent at AquaBounty skulle starte produksjonen av laksen.

Les også: Marine Harvest vil ikke produsere GMO-laks

 

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse