Gå til innhold
Annonse
Austevoll Rensefisk starta opp rognkjeks-produksjonen i førre veke. Foto: Austevoll Rensefisk
Austevoll Rensefisk starta opp rognkjeks-produksjonen i førre veke. Foto: Austevoll Rensefisk

- Natt til fredag førre veke fekk me endeleg rognkjeks i kara, fortel dagleg leiar Leif Gøran Skår i Austevoll Rensefisk til kyst.no.

Annonse

I det nedlagte lakseslakteriet på Torandsvåg i Austevoll, har rognkjeks-produsenten Austevoll Rensefisk bygd om lokalet til reinsefisk-produksjon og bygd ein ny hall. Dei disponerar no eit lokale på omkring 400 kvadratmeter, og har per dags dato symjande 60 000 rognkjeks i kara.

Ifølgje dagleg leiar og gründer Leif Gøran Skår har det vært nokre oppstartsproblem, men han er svært glad og endeleg vera i gong med produksjonen.

Leif Gøran Skår, dagleg leiar i Austevoll Rensefisk er glad for at endeleg er rognkjeksproduksjonen igong. Foto: AR.
Leif Gøran Skår, dagleg leiar i Austevoll Rensefisk er glad for at endeleg er rognkjeksproduksjonen igong. Foto: AR.

- Me har hatt nokre utsetjingar i produksjonsfasen, men fisken kom endeleg på plass natt til fredag i førre veke. Me hadde ein mjuk start for å tilpassa vasskvaliteten på anlegget, fortel Skår til kyst.no.

- Vil vera med fra start til slutt

Rognkjeksen skal opp til omlag 26 gram, og var ti gram då den kom i kara i påvekstanlegget.

- Me er berre med på sluttfôringsfasen til fisken no. Me vonar å vera med på heile produksjonssyklusen til fisken, men dette vert fyrst i 2017, fortel den daglege leiaren.

Anlegget skapar førebels fem arbeidsplassar, med ein lærling på huset.

Rognkjeks-produsenten har no planane klare fram mot jul, der dei 60 000 fiskane skal fôrast fram til levering.  Deretter gjenstår utvasking av kara og ein ny produksjon skal på plass.

Planen er at dei skal få sett inn omlag 300 000 fisk på cirka ti gram i desember.

Starten på rognkjeks-draumen, byrja då Skår utførte ein prøveproduksjon av rognkjeks i fjor på Havbruksstasjonen i Austevoll. Han hadde heile 100 prosent overlevelse på all fisken, som han solgte til Lerøy Seafood Group.

Store rognkjeksplanar vidare

Gründeren ynskjer å produsere heile konsesjonen til neste år. Det tilseier 2,5 millionar lusebeitarar.

- Til neste år ynskjer me å produsera alt me får lov til, og køyra ein full produksjon. Målet er å produsere fisken frå rogninnlegg til stor fisk (rundt 25-26 gram).

Reinsefisk-produsenten har tilrettelagt pumpearragementet for ein fire gongar så stor produksjon, då dei ynskjer å utvide produksjonen betydeleg i 2017.

- Me har fått installert eit svært godt vassinntak, seier Skår nøgd.

- Ryfylke med på laget

Selskapet har også fått med seg rognkjeks-produsenten Ryfylke rensefisk på eigarsida, som har kjøpt ein stor andel i Austevoll Rensefisk, men kor stor den er vil ikkje Skår sei. Rensefisk-aktøren har nyleg installert noregs største fôringanlegg for reinsefisk

- Ryfylke Rensefisk er ein rutinert aktør som har gitt oss mykje god hjelp så langt, seier han.

  • Austevoll Rensefisk har blant anna fått 150.000 kroner til finansiering av Innovasjon Norge.
  • Selskapet vart stifta i fjor av Leif Gøran Skår og konsesjonen til selskapet gjeld ein produksjon på 2,5 millionar rognkjeks.
  • Selskapet har fire aksjonærar: Leif Gøran Skår, Trond Skår, Thomas Boberg Lekven og Ryfylke Rensefisk.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse