Nå setter koraller en stopper for lokaliteten til tre oppdrettere fra Austevoll.. Skjermdump fra Barentswatch.

Fylkesmannen stansar oppdrettsprosjekt ved Husevågøy

Det kan bli bom stopp for det nye oppdrettsanlegget som er under etablering ved Husevågøy i Vågsøy kommune.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er Fylkesmannen i Vestland som har sett ned foten, og som trekkjer tilbake utsleppsløyvet som dei tidlegare har gjeve til Troland Lakseoppdrett AS, Langøylaks AS og Austevoll Melaks AS for lokaliteten Husevågøy i Vågsøy kommune, skriv Fjordenes Tidende.

I ein 13 siders rapport forklarer Fylkesmannen bakgrunnen for at løyvet som oppdrettsselskapet har fått, no er trekt tilbake. Vedtaket er gjort med heimel i forureiningslova.

Dei tre verksemdene fekk utsleppsløyve for akvakulturproduksjon med inntil 3.120 tonn MTB på lokaliteten Husevågøy 20. desember 2018. 

Vedtaket er endeleg

Vedtaket får ikkje utsett iverksetjing då skader på korallane og det habitatet dei representerer, vil vere irreversible.

Fredag var det ingen hos Fylkesmannen som kunne kommentere saka og avslaget som no er gjort.

Taper 300 millioner kroner

Det er stipulert at dersom anlegget blir stoppa kan komme på oppunder 300 millionar kroner for etableringa og første produksjonen. I tillegg kjem det framtidige tap som følgje av at drifta blir stansa.

Carl-Erik Arnesen som er styreleiar i ei av bedriftene, Troland Lakseoppdrett AS, seier til Fjordenes Tidende at det er leit at denne satsinga blir stansa.