Jarle Tveiten Transport sine mange tilsette jobbar som vanleg for fullt for å transportere fisk til og frå havbruksnæringa. Foto: Jarle Tveiten Transport.

Går som normalt hos Jarle Tveiten Transport

Jarle Tveiten Transport har merka ein del nedgang på førespurnader om framtidige transportoppdrag, men planlagde oppdrag går stort sett etter planen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Oddmund Vestbøstad som er driftsansvarleg i det Hardanger-baserte transportselskapet Jarle Tveiten Transport AS i Tørvikbygd, seier til Kyst.no at utfordringane for deira del er å halda alle sjåførane friske, og elles ikkje vera ein smittefaktor for andre.

- Me held stort fokus på vask, hygiene og smitteførebyggjande tiltak under transport, fortel han til Kyst.no. 

Drifta hos Jarle Tveiten Transport har ikkje stoppa opp som følge av koronaviruset. Foto: Jarle Tveiten Transport AS

Vestbøstad seier dei har mest kontakt med settefisk- og reinsefiskprodusentar, og ser naturleg nok ikkje nokon store utslag her enno.

- Me merka ein del nedgang på førespurnader om framtidige transportoppdrag, men planlagde oppdrag går stort sett etter planen. Førebels går drifta tilnærma normalt, og ingen er førebels permitterte hjå oss, seier Vestbøstad.

- Kva synes dykk om tiltaka regjeringa no har satt i gong for næringslivet og havbruksnæringa? 

- Me tykkjer det er bra at regjering og Storting kjem med tiltak, og me vil vurdera dei ulike tiltaka meir grundig når me eventuelt kjem i ein situasjon som krev det, sier han avslutningsvis. 

Om selskapet: 

  • Jarle Tveiten Transport AS vart etablert i 1987, og har spesialisert seg på landevegstransport av levende fisk, både innanlands og utanlands.
  • Selskapet har 11 tilsette.
  • Dei har erfaring med laks, aure, røye, kveite, piggvar, torsk og leppefisk.
  • Selskapet er 100 % eid av Jarle Tveiten, og han har sidan start vore delaktig i drift og utvikling av selskapet.