Steinar Holen går over i ei ny rolle som driftssjef i selskapet. Foto: Østerbø Maskin

Gjer seg som administrerande direktør

Steinar Holen har vore dagleg leiar i snart 9 år og går etter eige ynskje over i ei ny rolle i Østerbø Maskin.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Bedrifta med avdelingar på Østerbø og i Sløvåg i Ytre Sogn har i dag omlag 30 tilsette. Dei er leverandør av strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa, elektromekanisk produksjon, elektroinstallasjon og sakkyndig kontroll. Selskapet har aggregatleveransar til fleire sjukehus, store landbaserte oppdrettsanlegg og flyplassar å vise til.

Ny rolle i selskapet

- Det har vore spennande, lærerike, utfordrande og kjekke år som dagleg leiar i dette hardtarbeidande selskapet. Eg er stolt av det vi har fått til. Men no kjenner eg tida er inne for å late nye krefter ta over roret. Sjølv tek eg til i rolla som driftssjef og skal jobbe med leiing av større prosjekt mot kundar innan oppdrett og industri, seier Holen i ei melding frå selskapet.

Ambisjonar om vidare vekst

Bedrifta har store ambisjonar og det er difor naturleg å no søkje ein administrerande direktør i staden for dagleg leiar. Dei jaktar i desse dagar ein person med relevant erfaring og utdanning som er klar til å brette opp armane og bygge vidare det solide selskapet.

- Vi treng nokon som har ein solid base i botn og ein god porsjon stå-på-vilje på toppen, seier styreleiar Jonny Marøy.

- Østerbø har vist at det går an å skape og vekse på små stader og den nye direktøren må ha vilje og tru på å fortsette denne satsinga.