Gå til innhold
Annonse

Har gitt to Bjørøya-anlegg varsel om redusert produksjon

Bjørøya har fått varsel av Mattilsynet om redusert produksjon på to av sine anlegg grunna lakselus. Illustrasjonsfoto: Bjørøya Fiskeoppdrett/Namdal Akvasenter.
Bjørøya har fått varsel av Mattilsynet om redusert produksjon på to av sine anlegg grunna lakselus. Illustrasjonsfoto: Bjørøya Fiskeoppdrett/Namdal Akvasenter.

Mattilsynet har sendt ut varsel til to oppdrettsanlegg i Flatanger i Trøndelag om at Mattilsynet vurderer å vedta mellombels redusert produksjon på anlegga. Bakgrunnen for varsla er langvarige luseoverskridingar.

Annonse

Varsla gjeld desse anlegga:

  • Kråkholmen (Bjørøya AS i samdrift med Midt-Norsk Havbruk AS)
  • Kvalrosskjæret (Bjørøya AS i samdrift med Midt-Norsk Havbruk AS)

Selskapa har uttalerett før det eventuelt vert fatta vedtak, skriv Mattilsynet i ei pressemelding. 

Om tiltaket mellombels redusert produksjon:

Mattilsynet kan gi oppdrettarar som har hatt langvarige eller alvorlege lakselusproblem mellombels redusert produksjon. Perioden med redusert produksjon vil minimum gjelde for to år og dekker den neste produksjonssyklusen på lokaliteten.

Målet med verkemiddelet er å få oppdrettarane til å tilpasse drifta til smittepress, førebyggjande tiltak og kapasitet for behandling og slakting.

Oppdrettarar som får midlertidig redusert produksjon kan auke den igjen når dei har vist at dei har kontroll og klarer å halde seg under lakselusgrensa.

Oversikt over lokalitetar som har fått varsel eller vedtak om mellombels redusert produksjon pga. lakselusproblemer.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse