CEO i Osland Havbruk, Erik Osland, fortel dei no vil integrere  QTL som verktøy også i Ilsvåg-stammen, som selskapet no overtar. Foto: Osland Havbruk.

Matfiskselskap satsar enno meir på avl - tek i bruk IPN QTL

Osland Stamfisk AS overtar Ilsvåg-stamma med regnbogeaure. No arbeider dei med å integrere  QTL som verktøy i denne stamma.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det fortel CEO i Osland Havbruk, Erik Osland i ein pressemelding.

- Osland Stamfisk AS og Ilsvåg Holding AS har i 4 år samarbeida godt på utvikling og avl av regnbogeaure. No overtek Osland Stamfisk Ilsvåg-stammen noko som synleggjer vår satsing på avl og genetikk. Etter overtakinga sit  Osland Stamfisk no att med to avlslinjer som begge er med i familieavlsprogram leia av Nofima, skriv han.

Ilsvåg skal for sin del halde fram med sin settefiskverksemd (produksjon av yngel, settefisk/aure/laks frå rognstadiet), som har vore Ilsvågs hovedbeskjeftigelse i alle år.

Osland Havbruk tek over Stamfisk Ilsvåg-stammen av regnbogeaure frå Ilsvåg Holding AS.

Hausten 2019 identifiserte forskarar hos Nofima ein QTL for IPN i Osland-stammen. Denne vert teken i bruk i marknaden frå 2021.

- Samstundes arbeider vi med å integrere  QTL som verktøy også i Ilsvåg-stammen, skriv Osland.

Selskapet vil i framtida ha stamfisk både i PO2 og PO4.

- Vi testar og ut ny teknologi med å ha stamfisk i lukka merd i sjøen, og vi investerer for å kunne ha heile syklusen på land. Kombinasjon av tradisjonelle merder, lukka merder og produksjon på land er ein sikkerheit for at vi kan tilby våre kundar eit optimalt avlsmateriale i åra som kjem, skriv han.

Gjennom ei målretta satsing har Osland bygt eit regionalt team rundt stamfisksatsinga.

- Med to aure-stammar og bygge vidare på skal vi tilby ein regnbogeaure som skal styrke våre kunder i Norge og utlandet, skriv Osland.