Gå til innhold
Annonse
Den nye brønnbåten er basert på Kongsberg NVC 389 designet.
Den nye brønnbåten er basert på Kongsberg NVC 389 designet.

Myklebust Verft på Gursken har inngått kontrakt med Sølvtrans Rederi om bygging av ein ny brønnbåt.

Annonse

- Dette er ein fantastisk dag for alle oss ved Myklebust Verft, seier dagleg leiar ved verftet Inge-Jonny Hide i ein pressmelding. Myklebust leverte to brønnbåtar til det same reiarlaget i 2017.

- At Sølvtrans, som er verdast største brønnbåtreiarlag, vel å kome tilbake for å bygge meir hos oss er ei stor tillitserklæring. Strategisk jaktar vi på prosjekt der vi har mest muleg kjende faktorar for å redusere risiko. Derfor er det ekstra godt nytt for oss at Sølvtrans kjem tilbake og at vi kjenner både kunden, designet og teknologien i prosjektet godt, fortsetter Hide.

Signert kontrakt: Frå venstre Roger Halsebakk og Inge-Jonny Hide
Signert kontrakt: Frå venstre Roger Halsebakk og Inge-Jonny Hide

7,2 meter lenger

- Vi har svært gode erfaringar med «Ronja Ocean» og «Ronia Diamond» som vi fekk bygt på Myklebust og ser fram til å utvikle samarbeidet vidare, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk. – Og så er det ekstra hyggeleg å kunne bygge ved verftet i Sande kommune der Sølvtrans-reiarlaget har sine røter, seier Roger.

Den nye brønnbåten får bygg nr. 75 ved Myklebust Verft og skal leverast i mars 2021 og er basert på Kongsberg NVC 389. Samanlikna med dei to førre brønnbåtane Myklebust leverte til reiarlaget, er lastekapasiteten auka frå 3200 m3 til 4000 m3. Dette har ein oppnådd ved å auke skroglengda med 7,2 meter. Skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San.

- I lag med våre tilsette, leverandørar, kundar, eigarar og bankar har vi lagt bak oss ei svært krevjande periode. Derfor vil nok dagens kake-feiring av denne svært viktige kontrakten smake ekstra godt, avsluttar Inge-Jonny Hide.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse