Måløy vidaregåande skule har lang tradisjon med opplæringsprogram i marine og maritime fag. Her finns opplæringstilbod for naturbruk, akvakultur, YSK-akvakultur, fiske og fangst og maritime fag. I tillegg har opplæringa i kokk- og servitørfag eit maritimt preg med mottak for sjømat rett inn frå kaikanten. Foto: Måløy vidaregåande skule

- Næringa ser at skulen er ein god stad å rekruttere fagfolk

Fiskeri- og havbruksutdanningane ved Måløy vidaregåande skule har eit tett samarbeid med næringa i fylket.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det fortel Alf-Reidar Myrstad, avdelingsleiar for Naturbruk ved Måløy vidaregåande skule og Mona Bakke Svarstad, som er prosjektleiar for akvakulturutdanning ved Måløy vidaregåande skule.

Måløy vidaregåande skule har lang tradisjon med opplæringsprogram i marine og maritime fag. Her finns opplæringstilbod for naturbruk, akvakultur, YSK-akvakultur, fiske og fangst og maritime fag. I tillegg har opplæringa i kokk- og servitørfag eit maritimt preg med mottak for sjømat rett inn frå kaikanten.

- Skulen har eit eige sikkerheitssenter, Sikkerheitssenteret i Måløy. Vi har her tilbod om sikkerheitskurs og ein rekke ande maritime kurs for elvar og studentar, samt for fiskeri, oppdrett og maritim næring. Det er heilt klårt aukande mengde oppdrag frå oppdrettsæringa, seier dei.

Skule og næringsliv hand i hand

Myrstad og Bakke Svarstad understrekar at eit kjenneteikn ved fiskeri- og havbruksutdanningane ved Måløy vidaregåande skule er det tette samarbeidet med næringa i fylket.

Elevane og studentane er attraktive for næringslivet. Foto: Måløy vidaregåande skule

- Næringa ser at skulen er ein god stad å rekruttere fagfolk, og stiller med praksisplassar under utdanninga og seinare lærlingplassar.

Elevane på akvakultur får mykje praktisk opplæring i bedrift, og elevane på fiske og fangst får mykje praktisk opplæring på skulen sitt opplæringsfartøy Skulebas.

- Skulen har også undervisningskonsesjon for laks som vert drifta av MOWI, seier dei.

Dei merkar også at den maritime bransjen er veldig interessert i kokke-elevane frå skulen, då dei får sikkerheitskurs inkludert i utdanninga.

- Dei kan dermed ha praksis og vere lærling på plattform eller båt. Dei er dessutan dyktige – 2 år på rad har Måløy vidaregåande skule vunne Norgesmeisterskapet for kokk- og servitørfag. Og alle elevar får læreplass.

- Til oss framhevar elevane at det er bra å kombinere opplæring på skule og praksis i bedrift. Det er lettare å lære når ein får utføre arbeidsoppgåver i praksis.

Fleire nyhende

Måløy vidaregåande skule er i sterk ut-vikling inn mot marin og maritim opplæring, og har mange utviklingsprosjekt på gang

- Prosjekt Akvakulturutdanning er eit treårig prosjekt med oppstart i 2019. Vi skal vidareutvikle innhaldet i opplæringa og samstundes styrke samarbeid med næring og forsking. Prosjektet er eit ledd i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane og satsinga på sjømatnæringa.

- Målet er å vidareutvikle utdanninga i tråd med næringa sine behov, slik at vi får nok arbeidskraft med rett kompetanse for å få til forventa framtidig vekst og utvikling i oppdrettsnæringa, seier Myrstad.

Skulen har oppgradert simulatorfasilitetane med simulatorpakke for akvakultur.

Her skal elevane få lære og trening i å forstå oppbygging av anlegg, ein får setje saman komponentar og setje ut eit helt anlegg. Samstundes får ein trene på å handtere oppdrettsbåtar ved anlegg.

Les hele saken i siste utgave an Norsk Fiskeoppdrett #2, samt flere saker om utdanning.