Gå til innhold
Annonse
Magnar Terje Leknes er ny dagleg leiar i Flokenes Fiskefarm, og byrja i den nye jobben 1.januar. Foto: Flokenes Fiskefarm.
Magnar Terje Leknes er ny dagleg leiar i Flokenes Fiskefarm, og byrja i den nye jobben 1.januar. Foto: Flokenes Fiskefarm.

Magnar Terje Leknes har tatt over spakane som dagleg leiar etter Ingvar Bjarne Osland. 

Annonse

Han har i fleire år jobba som driftsleiar i oppdrettsselskapet på Askvoll i Sogn og Fjordane, men fortel at han tok over leiinga 1. januar i år.

Til Kyst.no seier Magnar Terje Leknes at årsaka til endringa, er at tidligare dagleg leiar Ingvar Bjarne Osland ynskjer på sikt å pensjonere seg, og ville difor tre av som leiar og gå ned i ei 50 prosent stilling.

- Nettopp kva tittel han vil ha, er enda ikkje bestemt. Men han ynskjer i allefall å jobba litt som røktar, så han fortset i selskapet. Eg kjem til å få god hjelp av han no vidare med driftinga av Flokenes Fiskefarm og me skal fortsetje i same bane som før. Det blir nok ikkje dei store endringane med meg som sjef, seier Leknes med eit smil.

Den erfarne oppdrettaren har jobba i oppdrettsselskapet sidan 1995, før det jobba han i Svanøy Havbruk. 

Selskapet har to ulike lokalitetar, ein av dei er Dyvika, som ligg på sørsida av Førdefjorden vis-a-vis Vevring og like utanfor grensa til den nasjonale laksefjorden. Foto: Flokenes Fiskefarm.
Selskapet har to ulike lokalitetar, ein av dei er Dyvika, som ligg på sørsida av Førdefjorden vis-a-vis Vevring og like utanfor grensa til den nasjonale laksefjorden. Foto: Flokenes Fiskefarm.

Om selskapet:

  • Flokenes Fiskefarm har to løyver og driv matfiskprodusjon av laks på to lokalitetar i ytre del av fjorden i Askvoll kommune.
  • Selskapet starta med oppdrett i Førdefjorden i 1984. 
  • Årleg produksjon er omlag 2000 tonn.
  • Selskapet har sju tilsette. 

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse