Ola Teigen (t.v.) mener fiskeriministeren bommer når han hevder Norges fordeler fosvinner med landbasert lakseproduksjon. Her er han sammen med Martin Ramsdal, en av gründerne i selskapet Nekst. Foto: Nekst.

Ordfører svarer Nesvik: Fisk på land er både god fiskehelse og god økonomi

- Eg meiner statsråden både er unyansert og at analysa har manglar. Det skriver Flora-ordfører Ola Teigen i dette leserinnlegget.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Innlegget er skrevet av ordfører i Flora kommune Ola Teigen:

Fisk på land er både god fiskehelse og god økonomi

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik uttaler til kyst.no at Norge mister sine fordeler ved landbaserte anlegg for lakseproduksjon. Eg meiner statsråden både er unyansert og at analysa har manglar.

Norsk oppdrettsnæring har vore ei suksesshistorie og kan bli det også i framtida. Men næringa har stått over for mange utfordringar undervegs og gjer det enno. Lakselusa gjer at heile Vestlandet lenge låg i rød sone og veksten er stansa opp. Utan at ein får bukt med slike utfordringar vil nullvekst og produksjonsreduksjone vere framtidsbildet. Lusebehandling kombinert med eit mogleg produksjonsnedtak vil vere kostbart.

Skal næringa få til ei femdobling vil det krevje nye måtar å produsere laks på. Miljø og arealkonfliktene vi har på sjøareal tillet ikkje fleire oppdrettsanlegg i fjordane våre. Klarar ein derimot å forlenge oppveksten på land er ein godt på veg. Ein kombinasjon kor fisken berre lev dei siste 6 til 12 måneder i sjøen vil gje stor produksjonsvekst og langt betre fiskehelse enn vi ser i dag. Ein laks på oppunder 3 kilo vil takle både sjukdom og lus betre enn smolt og i tillegg begrense behovet for sjøanlegg.

Eg er samd i statsråden i at arealkonfliktene på land kan bli ei utfordring. Men det er dei i høgste grad også i fjordane våre. I Florø er det planlagt to landanlegg. Så langt er det konsesjonane i sjø som er mest omstridt. Landbasert fiskeindustri kan og gje fleire arbeidsplassar og den veksten vi ynskjer. Og eg skal vere dønn ærleg på ein ting: det er ikkje arealknappheit som er Sogn og Fjordane si største utfordring noko fylket og kommunane langs kysten vårt viser når ein applauderer landanlegg.

Nekst AS sin søknad om utviklingskonsesjonar er eit framifrå prosjekt for å gjere næringa meir bærekraftig både økonomisk, i eit fiskehelseperspektivet og for miljøet. Søknaden kombinerer både innovasjon og effektiv utnytting av sjøareala som både Nesvik og vi lokalt ser nytten av. Med tre milliardar representerer prosjektet den største industriinvesteringa i Sogn og Fjordane nokon sinne. Den risikoen investorane her tek bør fiskeriministeren applaudere.

Kva venter vi på?