Gå til innhold
Tytlandsvik Aqua, som ligg i Hjelmeland kommune i Rogaland, har i dag, skal bli bygt gjennom 3 byggetrinn. No skal ein i gong med det andre. Illustrasjon: Tylandsvik Aqua.
Tytlandsvik Aqua, som ligg i Hjelmeland kommune i Rogaland, har i dag, skal bli bygt gjennom 3 byggetrinn. No skal ein i gong med det andre. Illustrasjon: Tylandsvik Aqua.

Østerbø skal levere og montere reservekraftløsning til byggetrinn 2 ved postsmoltanlegget Tytlandsvik Aqua. Selskapet leverte også til byggetrinn 1 i 2019.

Avtalen inneheld og opsjon på byggetrinn 3. Alle tre byggetrinn er med leveranse og montasje av reservekraftanlegg på 2x1260 kVA.

Østerbø har her levert totalpakke med Himoinsa strømaggregat, diesel, ventilasjon, eksos, kjøling, igangkøyring og opplæring. Alt klart til bruk.

Himoinsa, som er ein av verdas største produsentar av strømaggregat, vil lage generatorene etter norske krav og spesifikasjoner.

Tytlandsvik Aqua, som ligg i Hjelmeland kommune i Rogaland, har i dag (byggetrinn 1) to hallar i bruk og kapasitet til å 3000 tonn storsmolt.

Total investeringsramme for alle byggetrinn er på 750 mill. kr. Eigarane bak selskapet er Bremnes Seashore AS, Grieg Seafood Rogaland AS og Vesthavbruk AS.

Fakta om reservekraftanlegget

  • 2x1260 kVA Himoinsa strømaggregat til byggetrinn 1 i 2019
  • 2x1260 kVA Himoinsa strømaggregat til byggetrinn 2 i 2020
  • Opsjon på 2x1260 kVA Himoinsa strømaggregat til byggetrinn 3

 

Gjennom styringssytemet kan strømaggregata styrast både frå PC på staden og via pc, mobil og nettbrett frå kor som helst. Illustrasjon: Østerbø
Gjennom styringssytemet kan strømaggregata styrast både frå PC på staden og via pc, mobil og nettbrett frå kor som helst. Illustrasjon: Østerbø

Har du en sak du
vil tipse oss om?