Gå til innhold
Annonse

Studie: – Rensefisk ingen universalkur mot lakselus

Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstituttet
Fotograf: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstituttet

Forskarar har finstudert data frå nesten 500 oppdrettsanlegg landet over. Dei finn berre svak og varierande effekt frå bruken av rensefisk i kampen mot lakselus.

Annonse

Frå før har forskarane gått gjennom tidlegare forsking på effekten av rensefisk og avdekt store kunnskapshol. I ein ny studie har dei no analysert tal for rensefisk og lusenivå som oppdrettsnæringa sjølv har rapportert, skriv HI på sine sider.

- Det var ingen tydeleg forskjell i lusenivå mellom anlegg som brukte mykje rensefisk og dei som brukte lite. Kanskje er det fordi bruken hovudsakleg er reaktiv, og heng saman med kor stort luseproblemet er ved anlegget, seier forskar Lars Helge Stien.

Store data, små resultat

Saman med norske og australske kollegaer har han analysert data frå 488 norske oppdrettsanlegg som begynte og avslutta ein produksjonssyklus for laks i perioden 2016–2018.

Dei gjorde to analysar: éin som samanlikna lusenivå og antall rensefisk mellom ulike anlegg, og ein annan som såg på samanhengen mellom utsett av rensefisk, lusenivå og avlusing innan kvart enkelt anlegg.

Ingen av analysane påviste langvarige, eintydig positive effektar av rensefisk mot lakselus.

Les også: Svarer på rensefisk-kritikken: – HI benytter seg av gamle data

Kortvarig effekt

- Det var mange anlegg der utsett av rensefisk såg ut til å gi nedgang i lusenivå, med det var òg mange tilfelle der vi ikkje såg ein slik samanheng. Sett under eitt såg me derfor ikkje den klare effekten me venta frå utsett av rensefisk, seier Lars Helge Stien.

- Me såg også at enkelte anlegg som sette ut store mengder rensefisk hadde tydeleg effekt i 10–20 veker, før lusetala auka igjen. Dette tyder på at rensefisken anten sluttar å ete lus, rømmer eller dør i løpet av relativt kort tid, legg han til.

Kan venta med avlusing

Studien er likevel ikkje utan lyspunkt. Forskarane fann at dei som bruker mykje rensefisk tidleg i produksjonssyklusen, kan vente lenger før de må begynne annen avlusing. Utsett av rensefisk begrenset også veksten av lusepopulasjonen i merdene noe.

Samla sett er likevel effektane små og varierande.

- Oppdrettsanlegg der rensefisk var satt ut tidlig i produksjonen kunne vente lenger før første avlusningsoperasjon. Men gevinsten var i snitt bare på 3 uker i forhold til anlegg hvor rensefisk ikke hadde blitt satt ut før første avlusing, sier Stien.

Kunnskap må utvikles og deles

Frå før har forskarane gått gjennom tidlegare studiar av kor effektivt rensefisk verkar mot lakselus. Også denne studien viste at det er behov for meir dokumentasjon når gjeld korleis dei små hjelparane i merdane kan brukast effektivt.

- Me treng å forstå betre kva som gjer at nokon lykkast, slik at bruken av rensefisk kan bli meir målretta og kunnskapsbasert. Derfor må kunnskapen frå anlegga som får god lusereduserande effekt av rensefisk dokumenterast og delast, konkluderer Stien.

Studien er publisert i det vitskaplege tidsskriftet International Journal for Parasitology som eit samarbeid mellom forskarar ved Universitetet i Melbourne og Havforskningsinstituttet. Heile studien kan lesast her.

Les også:

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse