Uvær kan skape problemer for leppefiskavslutning

Fiskeridirektoratet har fått ein del henvendelsar frå fiskarar som på grunn av dårleg vær ikkje får opp leppefiskteinene innan fristen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fiskeridirektoratet har fått ein del henvendelsar frå fiskarar som på grunn av dårleg vær ikkje får opp leppefiskteinene innan fristen, skriv direktoratet i ei pressemelding.

Dei oppmodar fiskarar til å ta kontakt med FMC på telefon 55 23 83 36, slik at det blir registrert at dei ikkje rekk å få reiskapen opp frå sjøen i tide.

Slik melding må vere gitt innan fristen 30. september klokka 20:00.

Fisket etter leppefisk er midlertidig stoppa til 23. oktober og alle teiner skal vere oppe frå sjøen innan 30. september klokka 20:00. Fisket vart stoppa etter at fangsttalet 2017 har nådd fangsttalet 2016 totalt.

For meir info frå direktoratet: Fisket etter leppefisk midlertidig stanset - fangsttallet har nådd 2016-nivå