Audun Oddekalv er valt som styreleiar i den nye foreningen Norsk Taredyrkarforeininga. Foto: Marit Gjerstad/Algenytt.no

Audun Oddekalv skal leie Norsk Taredyrkerforening!

Audun Oddekalv vart under stiftinga valt som styreleiar av Norsk Taredyrkarforeininga som er taredyrkarar i Norge sin nye organisasjon. Audun er no på ferie, men tok seg tid til å stikke innom Algenytt.no sitt kontor i Bergen før han seglar vidare mot Strusshamn.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Algenytt.no saken til Marit Gjerstad er gjengjeve i sin heilheit under.

Audun er ein skikkeleg gründer – Han vaks opp ytterst i havgapet i Solund og flytta etter kvart til Værlandet og Bulandet og har arbeidd med sjø og hav i heile sitt liv. Han står bak fleire bedrifter, mellom anna Værlandet Fiskeredskap som saman med Seaweed AS har utvikla eit anlegg for taredyrking, som har fått namnet Buland 10. Han er og medeigar i bedrifta Proqua AS, der 3 mindre bedrifter gjekk saman og starta eit salsselskap for å samle ressursane då dei alle hadde produkt retta mot havbruksnæringa.

- Korleis starta interessa for tare?

- Det var heilt tilfeldig. Gjennom Værlandet Fiskeredskap så eg at det kunne vere interessant å levere utstyr til taredyrkarnæringa. Eg vart med på eit prosjekt for 4-5 år sida som enda opp med at Seaweed AS blei skipa. Audun såg potensiale for taredyrking, og saman med Daniel og Ruben Fedøy vart det ei satsing på dette.

Audun er styreleiar i Seaweed AS – som var eit av dei første selskapa som starta med å dyrke tare i Norge. Dei har no hatt drift i 3,5 år. Har utviklinga vore som forventa?

- Ja! og vel so det! Det har skjedd svært mykje. Vi har no produksjon frå A til Å, klekkeri, produksjon, hausting, foredling og sal. Det hadde eg aldri drøymt om skulle skje so fort! Vi er ein bra gjeng som hiver seg rundt og som har investert mykje i tid og eigenkapital.

Les også: Ny forening for tareoppdrettere

- Det var Seaweed som såg behovet for å samle dyrkarar langs kysten for å dele erfaringar og ikkje minst samhandle meir. Folka i Seaweed har bakgrunn frå havbruk, fiskeri og landbruk. I alle desse næringane har det å samle seg i interesseforeiningar vore heilt avgjerande, møteplassar, salslag, minsteprisar osb. Sida vi hadde den erfaringa så vart det naturleg å vidareføre dette til taredyrkarnæringa, fortel han.

Audun utfordra difor Norges Vel gjennom eit hjartesukk til prosjektleiar Lill-Ann Gundersen.

- Vi fekk mange førespurnadar frå Fou-institusjonar, det er vel og bra, men det var også behov for å samle alle dei små aktørane som var kommen i gang med dyrking langs kysten. Det er litt stusseleg å sitte aleine på ein holme og spekulere på alle utfordringane, så vi trengte ein møteplass der ein kunne dele gode og mindre gode erfaringar. Det er også fornuftig å stå samla utad, mtp rammevilkår og ein felles røyst mot FoU-institusjonar og myndigheiter. Denne utfordringa tok Lill-Ann på ein glimrande måte og klarte å samle dei aktuelle aktørane.

Illustrasjonsfoto av tareoppdrett, høsting fra tau. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Bedriftsnettverket har no blitt til ei foreining, med vedtekter og klare ambisjonar for at dette skal bli ei ny viktig marin næring for Norge.

- Kva vert det viktigaste framover no?

- Det viktigaste blir å samarbeide om kvalitet, vi må ha ein felles standard. Å ikkje øydelegge for kvarandre gjennom ikkje å sende ut tare som ikkje held mål blir viktig. Taren vår må vere «superior» tare, det bør også vere ei felles forståing i næringa med tanke på minsteprisar. Vi har gode kort på hand i Norge, andre land må etter kvart importere tare og vi må bruke desse korta på ein god måte. Vi må vere bevisst på våre fortrinn og nytte dei. Vi skal produsere eit høgklasse produkt frå Norge! Ofte snakkar ein om at vi kan produsere millionvis av tonn til to øre kiloet…. Nei! Det må vi ikkje gjere!  - meiner Audun Oddekalv.

- Det blir også viktig å nytte vårt langstrakte land med fleire anlegg langs kysten og nytte haustesesongen maksimalt. Vi må ha eit sterkt verdikjedesamarbeid og sjå til korleis laksenæringa er organisert. Vi trenger ikkje finne opp kruttet på nytt, heller hauste av andre sine gode erfaringar. At produksjonen er økologisk er svært viktig for andre land – dette må vi ta inn over oss. Ein skal ikkje lenger enn til Danmark for å sjå at dette er avgjerande. Forbrukarane er veldig opptatt av dette, og kanskje kjem nordmenn sigande etter om ein stund.

For foreininga blir no hausten viktig for å legge planar og gode strategiar til neste år. På det første styremøte vil dei òg vurdere å ta opp nye medlemmer som stettar krava til medlemskap.

Krev stor eigeninnsats

Audun ser at det i Norge er mange gode FoU prosjekt på makroalgar – men, ein må passe på at det ikkje blir eit vakuum etter prosjektet er avslutta, då må næringsutvikling og bedriftsutvikling vere fokus på, slik at ikkje resultatet smuldrar bort.

- I denne fasen treng ei lita bedrift hjelp til å komme over blodfasen og vere i stand til å skape nye arbeidsplassar og bygge ei god næring i Norge. Det krevst stor eigeninnsats for å komme igjennom hos nålauge hos Innovasjon Norge, det kjem stadig nye krav og nye ting ein må oppfylle, det er krevjande for ei lita bedrift med knappe ressursar, seier Audun. Men heldigvis, etter mange rundar har dei no fått positivt signal på eit nytt produktutviklingsprosjekt støtta av Innovasjon Norge, så det hjelper å vere uthalden!

- Værlandet og Bulandet er eit fantastisk reisemål for dei som vil oppleve norsk natur på sitt beste. På Værlandet finn ein også Havsalaten Kjøkken & Bar som sjølvsagt sel ulike tare-produkt frå Nordisk Tang, og dei har ofte tare på menyen, ta turen innom om du besøker øysamfunnet.

For dei som skal på Aqua Nor i Trondheim er Audun Oddekalv og Proaqua å møte på stand E-433 der dei vil vise fram dyrkingsanlegget Buland 10.