Signe Svensson forskar på børstemarklivet. Fotograf: Stine Hommedal/HI
Signe Svensson forskar på børstemarklivet. Fotograf: Stine Hommedal/HI

Signe avdekkar livet til oppdrettsavfall-knaskaren

Den er liten, rosa og stortrivst under norske oppdrettsanlegg. Men kor den kjem frå og korleis den lever livet sitt har vore ei gåte. Til no. 

Publisert

I små, blanke kar ligg dei klynga saman, tett i tett. 

Dei er ikkje store skapningane, børstemarkane Ophryotrocha craigsmithi. 

Men kjenner ein litt til desse typane, så kan ein stille store spørsmål om samanhengar ute i naturen, skriv HI på si heimeside. 

Frå kvalkadaver til oppdrettsavfall 

For fram til oppdrettsnæringa skaut fart for nokre tiår sidan, så var denne arten av børstemarkar (for ja, det er mange ulike typar) kjent for ein ting: Ein fann dei på kvalkadaver, på havbotnen, nede i djupet. 

Ein børstemark spesialisert på å tygga på daud kval, der altså. Men brått dukka dei opp i store mengder, under oppdrettsanlegga.

Gjengen: Tett i tett, sammen i karet. Foto: Stine Hommedal/HI
Gjengen: Tett i tett, sammen i karet. Foto: Stine Hommedal/HI

Her var det rikeleg med godsaker for små markar; laksefôr og fiskeskit. Dermed er det mange deltakarar i matfestane som pågår under anlegga. 

Men kor kom dei frå? Korleis lever og forplantar dei seg, har dei eitt eller fleire kjønn? Og: Kan dei brukast til noko? 

Det er spørsmål doktorgradsstipendiat Signe Svensson jaktar svar på, og difor røktar ho desse små, rosa dyra i sine små kar, på forskingsstasjonen til Havforskingsinstituttet i Austevoll. 

Signe får vera ein oppdagar: – Ei fantastisk kjensle 

Til dags dato veit verda lite og ingenting om Ophryotrocha craigsmithi. 

Sjølv om me skriv 2022 er Signe rett og slett ein oppdagar, som finn ut ting som ingen visste frå før. 

- Det er ei heilt fantastisk kjensle. Eg syns det er så spennande med grunnleggjande biologi som dette. Det er jo mange som kan veldig mykje om laks, for eksempel. Medan eg får leggja puslespelet om denne børstemarken sitt liv heilt i frå «scratch», seier ho, medan smilet går frå det eine øyret til det andre. 

- Grunnleggande biologi er også så innmari nyttig. For eksempel kan me ikkje finne måtar å bruke denne arten på, utan å vita korleis den «funkar» og kva rolle den spelar i økosystemet. 

Veks fortare og lever lengre enn ein trudde 

Tidlegare har Signe og kollegaene hatt prosjekt under oppdrettsanlegg, der dei har firt ned ulike plater og boksar, og forska på børstemarken ute i naturen.

Gode diskusjonar: Lite får fram forskar-smila som ein tur inn på labben. Øivind og Signe gler seg over ny kunnskap om børstemarken. Foto: Stine Hommedal/HI 
Gode diskusjonar: Lite får fram forskar-smila som ein tur inn på labben. Øivind og Signe gler seg over ny kunnskap om børstemarken. Foto: Stine Hommedal/HI 

Sidan desember 2021 har ho røkta dei søte, små på labben innandørs. 

Allereie no har ho funne ny kunnskap. 

 – Me ser at dei veks fort! Me trudde dei skulle leva ein fire til seks vekers tid, men det ser ut til at dei lever i eit par månadar. Det er nyttig for å kunne estimere generasjonstida under eit anlegg. 

Generasjonstida er den gjennomsnittlege livssyklusen til markane; kor lang tid det tek frå dei startar på livet, til dei har produsert ein ny generasjon. Det er nyttig å vite fordi det seier noko om spreiingspotensialet til arten. 

I tillegg har Signe funne ut at børstemarkane faktisk er tokjønna, og at dei kan gyte fleire gonger i løpet av livet. 

Ho har til og med fanga opp det som ser ut til å vera ein slags paringsdans - på film: 

Kvifor bry seg så mykje med ein liten mark? 

Det spørsmålet som fort kan melde seg for mange, er jo kvifor me treng å vite noko som helst om eit dyr som liknar mest på rosa barnåler, og som er ute av både auge og sinn for dei fleste av oss på landjorda. 

- Tanken er at børstemark er ein art som kan bli ein del av det me kallar integrert oppdrett. Formålet kan vera å resirkulera avfallet frå fiskeoppdrett, forklarar HI-forskar Øivind Strand. 

Børstemarken er ein god renovasjonsarbeidar, han et skiten som fel ned frå merden over seg. Dermed kan ein, ved å henta ut børstemark som har ete avfallet under eksisterande fiskeoppdrettsanlegg, redusera verknaden dette avfallet har på havbotnmiljøet lokalt. 

- Det kan gjera sjømatproduksjonen meir berekraftig, seier Øivind. 

På sikt kan ein også tenka seg at børstemarken som ein hentar ut, kan vera ein ressurs. Kanskje kan ein bruka børstemark i fôr eller til noko anna lurt? 

- Då kan børstemarken bli eit godt døme på det me kallar sirkulær økonomi, kor avfall blir ein ressurs. 

Men for å komma dit, må ein først vite kven ein har med å gjera.

Det er Signe godt i gang med, på «børstemark-labben» ytst i havgapet i vest. 

Om forskingsprosjektet:

  • Signe Svensson sitt doktorgradsprosjekt er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, oppdrettsselskapet Lerøy Seafood Group og Ocean Forest AS.  
  • Prosjektet er også finansiert av Forskingsrådet.