Mikroskopisk snitt av primærlamelle med sekundærlameller frå gjeller til atlantisk laks. Snittet syner oppbygginga til sekundærlameller med A: epitelcelle og B: pillarcelle. C er primærlamelle. Snittet er fra frisk laks, stav = 20 μm. Foto: Birgit Lilletveit Kvåle

Effekt av termisk avlusing på gjellehelse hos laks

I FHF-prosjektet (901514), er eit av måla å kartleggja effektane av termisk avlusing på gjellehelsa til laks, både i kommersiell produksjon og i smitteforsøk. Gjennom ei masteroppgåve, knytt til prosjektet, ynskte ein å kartleggje kva effekt termisk avlusing har på gjellehelsa.

Publisert Sist oppdatert

I oppgåva fylgde ein tre termiske behandlingar på tre ulike lokalitetar i kommersiell produksjon på Vestlandet, og eit smitteforsøk der patogenfri laks vart behandla med varmt vatn. I smitteforsøket vart fisken skånsamt håva over i oppvarma vatn, for å studere effekten av varmt vatn på fisken utan å utsetje den for trenging og pumping i forkant. 

Resultat frå studiet er beskrive i Norsk Fiskeoppdrett nr 5 (krev abonnement på magasinet).

Der konkluderer Birgit Lilletveit Kvåle og Are Nylund frå Institutt frå Biovitenskap ved UiB, samt Linda Andersen frå Stiftelsen Industrilaboratoriet (ILAB) at studiet har vist at verken patogenbelastinga i gjellevev eller histopatologiske endringar i gjellevevet, vert endra etter ein termisk avlusing av atlantisk laks eller regnbogeaure.

- Det kan derimot visast at fisken som døyr under behandling har noko høgare belasting av enkelte sjukdomsframkallande agens.

Status på gjellehelsa i forkant er viktig

Dei peiker på at dødelegheita i samband med termiske avlusingar syner å ha samanheng med denne belastinga, med andre ord; status på gjellehelsa i forkant av behandlinga.

- Gjellehelsa syner ikkje å verta påverka negativt av behandling med varmt vatn i ettertid, men dårleg gjellehelse før behandling vil kunne føre til ein forhøgja dødelegheit. I tillegg syner kjente virussjukdommar (til dømes kardiomyopatisyndrom/CMS forårsaka av PMCV) å ha påverking på dødelegheita under behandling.

For å unngå dødelegheit i samband med termisk avlusing skriv dei at det er ein føresetnad at fisken vert handtert skånsamt under trenging og pumping i forkant av behandlinga.

- Studiet viser at termisk avlusing har ein god effekt på reduksjon av mobile lakselus.