Avviklar kursaktiviteten på Årsnes
Viking Norsafe Life-Saving Equipment har vedteke å avslutta kursaktiviteten på Årsnes i Kvinnherad kommune. Selskapet har blant anna halde kurs for havbruksnæringa og offshoremarkedet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Vi har sendt ut beskjed internt om at vi har vedteke å avslutta kursverksemda vår på Årsnes. Vi har sett at det har vore vanskeleg å få nok volum i forhold til dei planane som var der då vi opna senteret i mai 2015, og med covid-19 på toppen så ser vi at vi ikkje klarer å ha det volumet som vi må ha, seier administrerande direktør Dag Songedal i Viking Norsafe Life-Saving Equipment (tidlegare Norsafe Academy) til Grenda lokalavis. (Krever abonnement).
I tillegg til kursing av eksterne kundar, har testsenteret Viking Norsafe også brukt testsenteret internt til testing av livbåtar før levering. Den aktiviteten vil halda fram.
- Vi vil halda anlegget operativt og bruka det til testing av båtar og nyutvikling. Men det vil ikkje vera fast tilsette knytt til kursaktiviteten vår på Årsnes, seier Songedal.
Det er i dag tre stillingar knytt opp mot kursaktiviteten på Årsnes. Viking Norsafe har ikkje sagt opp nokon endå, men har informert sine tilsette om at verksemda skal avviklast.
- Det er alltid mykje kjedelegare når det går denne vegen enn når det handlar om å auka eller starta noko. Men dessverre så er marknaden blitt sånn at det er det rette å gjera, sluttar Songedal.
Les også desse Kyst.no sakane om selskapet.