Installering av strømgjerde mot lus. Foto: SFD.

- Stigande interesse for straumgjerde mot lakselus

Teknisk ansvarleg Rune Eritzland i Seafarm Development (SFD) seier det er få preventive løysningar mot lakselus på marknaden og det er eit kjempepotensial som skal dekkast. Straumgjerde-produsenten er no i dialog med fleire oppdrettarar som vurderar gjerde på vårutsettet, men kva effekt det gjev kan ein endå ikkje konkludera med.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Rogaland-selskapet Seafarm Development (SFD) har installert eit fullskala straumgjerde hos Bolaks i Fusa, og eit fullskala hos Lerøy Seafood Group i Austevoll. Hjå Bolaks vart det installert i slutten av juli, og har sidan fungert godt, ifølgje gründar og teknisk ansvarleg Rune Eritzland i SFD.

Han fortel til kyst.no at dei merkar ein jamn stigande interesse for straumgjerdene, som er eit ikkje medikamentelt verkemiddel mot lakselus.

Grûnder Rune Eritzland i SFD. Foto: Therese Soltveit.

- Det er få preventive løysningar mot lakselus på marknaden og det er eit kjempepotensial som skal dekkast. Me er no i dialog med fleire oppdrettarar til vårutsettet av smolt, dersom alt klaffar bra vert det full produksjon i vinter, påpeikar han. 

Gjerdet har ifølgje produsenten fleire fordelar og listar mellom anna at:

  • Det gjev ut pulsar på inntil 48 volt, og skal inaktivere luselarvane slik at den forhindrar påslag på fisken, og hindrar vidare spreidning av lus.
  • Den baserar seg også på å bruka straumpulsar i sjøen for å stoppe røyming av oppdrettsfisk, og hindre groe, samt predatorar i å kome inn til fisken.
  • Dei fyrste sjøtestane av straumgjerdet vart utført i 2011, og viste at det elektroniske gjerdet reduserte antal lakselus med rundt 90 prosent.

- God indikator på at rensefisken er aktiv

Hjå Bolaks seier Eritzland at gjerdet fram til no har fungert fint.

- Det er veldig lite lusepåslag på anlegget. På teljingane me utfører finn me gjerne 1 til 3 lus på 50 fisk, og ingen av lusa veks og vert vaksne lus.

Det er ikkje så lett å sjå straumgjerdet som ligg i vasskanten hjå Bolaks. Gjerdet gjev ut pulsar på inntil 48 volt, for å hindre lusepåslag på fisken. Foto: Therese Soltveit

Han seier dette også gjev ein god indikator på at reinsefisken er aktiv og balansert med straumgjerde.

- Det er viktig med en nøye balanse mellom straumgjerde og leppefisk/rognkjeks for å oppnå full effekt. Med full effekt tykkjer me at det ikkje er naudsynt med kjemikaliar eller mekaniske avlusingar i produksjonsperioden, fortel Eritzland til kyst.no.

- Tilnærma null lus

Bolaks har investert i millionklassen i pilotprosjektet med straumgjerdet, og vil dokumentere produksjonen.

- Frå utsett og fram til no, har vi hatt tilnærma null lus her på lokaliteten Skiftesneset nord. Om dette har nokon samanheng med straumgjerde veit eg ikkje, av den grunn at me har hatt like lite lus på tilsvarande fiskestørrelse på naboanlegget som ikkje har straumgjerde, fortel driftleiar Torgeir Hjertnes, som har ansvaret for lokaliteten i Fusa i Hordland.

Driftsleier Torgeir Hjertnes har ansvaret for to av Bolaks sine lokalitetar, deriblant Skiftesneset Nord. Foto: Therese Soltveit.

Han opplyser at dei i tillegg til planlagt utsett av reinsefisk også har gjeve fisken ein Slice-kur.

- Dette er mest for å førebygge framtidige påslag. Ikkje fordi det var lus på fisken.

Kyst.no vitja oppdrettaren i Fusa tidligare i år då gjerdet var nyleg satt opp og Hjertnes fortel at dei byrjar å setje ut rognkjeks denne veka, og skal gjere det fortløpande ved behov framover.

Nytt samarbeid

SFD har også nyleg innleia eit samarbeid med Servicebåt AS som er autorisert installatør av straumgjerdene.

- Det er Servicebåt som føretar spylinga av straumgjerdene med bruk av ROV. Dette har gått heilt flott. Straumgjerdene må ikkje spylast oftare enn nota. Når me no går mot vinter og det blir kaldare vær, vert det lite spyling grunna kjølegare sjø og mindre groe-påvekst, opplyser Eritzland til kyst.no.

Les også: