Einar Eide, administrerende direktør i Bremnes Seashore er godt nøgd med 2017-resultatet deira. Foto: Bremnes Seashore.
Einar Eide, administrerende direktør i Bremnes Seashore er godt nøgd med 2017-resultatet deira. Foto: Bremnes Seashore.

Bremnes Seashore skal auka smoltstørrelsen betrakteleg

Administrerande direktør Einar Eide i Bremnes Seashore fortel at dei har ambisjonar om å auke smoltstørrelsen fra 120 gram til 500 gram, og påpeikar samtidig at fjoråret vart eit rekordår for havbruksselskapet.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Bremnes Seashore gjer det godt i 2017, og kan vise til både ei auke i omsetning og driftsresultat. 

Omsetninga går frå 2,2 milliardar kroner i 2016 til 2,5 milliardar i 2017. Selskapet aukar også driftsresultatet frå 315 millionar til 478 millionar kroner. 

Nøkkeltal for 2016 og 2017:
Nøkkeltal for 2016 og 2017:

- Betydeleg betring

Administrerande direktør i Bremnes Seashore, Einar Eide seier til Kyst.no at 2017-resultatet er eit rekordår for bedrifta.

- Fjorårets resultat var ei betydeleg betring frå året før. Det er rekord både i omsetning og driftsresultat med god margin. 2016 var vår førre rekord, så i fjor tok me ny rekord igjen, presiserer han.

2017 seier Eide elles var eit greitt år, men det bar fortsatt preg av store utfordringar i produksjonsområdet deira.

- Me var spesielt prega av eit ILA-tilfellet me fekk i 2017.

Selskapet har gjort fleire endringar og investeringar i året som gjekk, og Eide seier til Kyst.no at tala også ser bra ut for konsernet som heilheit.

- Den samla salsaktiviteten i 2017 for konsernet var veldig bra. Det var betydeleg betre i 2017 enn i 2016. For SALMON Brands sin del gjekk det totalt sett bra, det gjekk omtrent som budsjettert, understrekar han.

Skal ha smolt på 500 gram

Selskapet har dei siste åra investert mykje i oppbygging av biomasse og driftsutstyr som sikrar ei målretta og effektiv drift av matfiskverksemda. Det er og gjennomført ei betydeleg investering i nytt bygg og utstyr til foredling av laks. Det vert satsa vidare på investeringar som skal sikra kapasitet til auka opptak av fisk.

- Det store prosjektet vårt er storsmolt. Me skal ha smoltstørrelse for konsernet på over 500 gram. Den investeringa kjem til å påverke konsernet mest framover, det er det ingen tvil om. I 2016-17 låg storsmolten på 120-150 gram og no skal den opp i 500 pluss, så det er ei betydeleg øke.

Foredling hos Bremnes Seashore. Foto: Linn Therese Skår Hosteland/Kyst.no.
Foredling hos Bremnes Seashore. Foto: Linn Therese Skår Hosteland/Kyst.no.

Eide presiserar at dette gjeld snittstørrelsen på smolten.

- Me har smolt på 200, 500, og 700 – 1000 gram i produksjon frå hausten 2019, så snittet av all smolten blir i overkant av 500 gram. Me investerer for over 300 millionar kroner både i fjor og i år, den største investeringa kjem som sagt av storsmolt investeringa vår, forklarar han.

Selskapet har også hatt ein total ombygging av Thermolicerane deira.

- Termisk avlusning er det viktigaste avlusningsverktøyet vårt. Me har og brukt ein del pengar på tubenot-prosjektet vårt, luseskjørt, og me har elles investert i reinsefisk og lignande som mange andre.

Håndterbart lusenivå

Bremnes Seashore AS har si hovudverksemd i Bømlo kommune med avdelingar i Hordaland og Rogaland.

Verksemda omfattar oppdrett av settefisk frå tre eigne settefiskanlegg, og drift av 21 standard matfiskkonsesjonar, tre FoU matfiskkonsesjonar, eitt pakkeri og eitt foredlingsanlegg. 

Selskapet har i 2017 hatt sterkt fokus på å lykkast med handtering av Iakselusutfordringa. Dette har krevd store ressursar i rekneskapsåret, og har påverka produksjonskostnad og produksjonsvolumet negativt.

Bremnes Seashore:

  • Selskapet har rundt 365 tilsette og har 3 eigne settefiskanlegg, 21 matfiskkonsesjonar og 23 lokalitetar i ni ulike kommunar.
  • Produksjonen deira er 200-300 tonn per dag, tilsvarande 12-18 fulle trailerar. (Tal frå 2016)
  • SALMA – Salmon Brands er sals- og merkevareselskapet til Bremnes Seashore sine SALMA-produkt (100 % eigd av Bremnes Fryseri AS). Salmon Brand har hovudkontor i Oslo, og to regionale salskontor i Paris og Stockholm.
  • Ocean Quality er salsselskapet for Grieg Seafood og Bremnes Seashore.

Eide fortel til Kyst.no at lakselusnivået har vært håndterbart.

- Utfordringa er kombinasjonen av lakselus og svak helsestatus på fisken, som har vært ei gjennomgåande utfordring. Når det kjem til det punktet der ein må behandla laksen, er utfordringa svak fisk på behandlingstidspunktet. Det har elles eigentleg vært eit moderat lusepress i vår region til no, understrekar han.

Ved slutten av 2017 var det 366 tilsette i verksemda fordelt på l39 kvinner og 227 menn. Den operative leiinga består av tre kvinner og ni menn.