Ewos fabrikken i Florø, tilhøyrande Cargill. Foto: Ewos.
Ewos fabrikken i Florø, tilhøyrande Cargill. Foto: Ewos.

Cargill seier opp tilsette i Florø

Cargill Norge skal ha sagt opp dei siste fem tilsette i økonomiavdelinga ved Ewos i Florø.

Publisert

Det skriv Firdaposten.

I haust forsvann det ifølgje avisa også 3–4 økonomistillingar.

For eit år tilbake uttalte kommunikasjonsdirektør Hanne Dankertsen i Cargill Animal Nutrition til avisa at selskapet såg etter alternative lokale til dei tilsette i IT- og økonomiavdelinga i Ewos. Dei måtte ut av bygget fordi Sogn og Fjordane Energi (SFE) overtok det.

Også IT avdelinga er omorganisert.Totalt er kring 15–20 kompetansearbeidsplassar borte etter at IT- og økonomiavdelinga er omorganisert. 

Hanne Dankertsen fortel til Kyst.no at fleire av påstandane til avisa er feil. Les meir om dette her.