Richard Cornell (adm.dir.) og Steinar Holen (leiar mekanisk) i Østerbø Maskin framfor utstyret for plastsveising av 1200 mm rør. Foto: Kristin Myren

Østerbø Maskin og Ecomerden inngår rammeavtale

Østerbø Maskin har inngått eksklusiv rammeavtale på levering av PE-rørsystem til dei semilukka merdene til Ecomerden.

Publisert Sist oppdatert

- Dei har solid kompetanse innan havbruk og er i stadig utvikling innan plast-segmentet. Så dette er eit samarbeid vi har trua på, seier dagleg leiar Jan Erik Kyrkjebø i Ecomerden AS i ei pressemelding. 

Avtalen gjeld kjøp av PE-plastrør eksempelvis til røyrleidningar for innsug og strømningskanalar. Østerbø vil også ha prosjektansvar knytt til leveransen av desse PE-produkta. Avtalen er eksklusiv for lukka merdsystem og gjeld i første omgang i fem år.

- Vi er glade for å få på plass denne avtalen. Vi har trua på konseptet til Ecomerden med bruk av aluminium og plast i semilukka system. Med denne avtalen legg vi grunnlaget for auka og utvida samarbeid og tenesteyting etter å ha jobba saman i fleire år, seier administrerande direktør i Østerbø Maskin AS, Richard Cornell.

Han fortel  vidare at investering i nytt utstyr og kontinuerleg kompetanseheving av tilsette er nokon av tiltaka i satsinga på plast og rørsystem i Østerbø. Dei har dei siste åra utført mange større leveransar av rørsystem både på land og til sjøs.

Om Østerbø Maskin og Ecomerden: 

Ecomerden AS utviklar, produserer og leverer lukka merdsystem for produksjon av postsmolt og matfisk. Østerbø Maskin AS leverer løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon.