Nyleg signerte Mare Safety kontrakt med Ulstein Verft på ein båt av denne typen; Mare DC12 Windmill.

Mare Safety med tidenes ordrereserve

Mare Safety seglar i medvind. Det er god stemning blant dei tilsette på kontoret ved Stålhaugen i Ulsteinvik, etter å ha sett klare forbetringar i marknaden gjennom 2018. Dei ser positivt på det komande året, og kan stolt presentere fleire nye signerte kontraktar, både innan båt og bysse.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Nyleg signerte Mare Safety kontrakt med Ulstein Verft på ein båt av typen Mare DC12 Windmill, heiter det i ei pressemelding.

Dette er ein båt med tilhøyrande davit, spesiallaga for personelltransport frå servicefartøy til vindmøller. Båten skal installerast om bord i Bernhard Schulte sitt nybygg, som skal stå ferdig for kunden tidleg i 2020. Mare Safety er ein trufast leverandør, og har tidlegare levert både redningsbåt og bysse-pakke til dei andre fartøya som Bernhard Schulte har bygd på Ulstein Verft.

- Offshore Wind er ein marknad i vekst, og med denne samt tidlegare kontraktar innan dette segmentet stadfester vi dette som eit viktig satsingsområde framover for Mare Safety, - seier Torstein Teigene, produktsjef for båt. Han starta i Mare Safety tidlegare i haust, og ser tydeleg at det blir behov for fleire båtar innan segmentet. Teigene nemner at dei også har ein tilsvarande type båt under bygging som snart skal leverast til det nederlandske verftet Damen.

Mare Safety er komplett leverandør av bysser, og kan tilby gode løysingar til både maritime og landbaserte segment.

Miele sin største partner

Mare Safety styrkar posisjonen sin i bysse- og stor-kjøkkenmarknaden med fleire store kontraktar til nybygg framover. Det er bestilt levering til ein stor auto-line båt som er under bygging på Tersan Shipyard i Tyrkia. I tillegg blir bysser montert i to pelagiske trålarar, ein  på Larsnes Mek. Verksted og ein i Spania på Zamakona Yards. Mare Safety er ein betydeleg aktør, og merkar etterspørselen frå Offshore Wind også innan byssesegmentet, med levering til fleire servicefartøy.

- Gjennom godt samarbeid med store produsentar innan storkjøkken kan vi tilby gode løysingar både innan maritime og landbaserte segment, - seier Alexander Elvanes, produktsjef for bysse i Mare Safety. Samarbeidet med partnar Metos – ein av Europas leiande leverandørar av alt utstyr til storkjøken, gjer Mare Safety til ein komplett leverandør av bysser. I tillegg tilbyr dei gode servicetenester som er viktig for kundane. Ein annan god partner for Mare Safety er Miele;

-Slik det ser ut no vil vi vere Miele sin største partner på utstyr til vaskeri innan proffmarknaden i Noreg for 2018, fortel Alexander.

Rammeavtale med Equinor
 

Mare Safety har gjennom ein rammeavtale med Equinor levert over 20 redningsbåtar til ulike riggar. Ein viktig relasjon som nyleg har gitt nok ei kontrakt. Allereie i første del av 2019 skal ny båt leverast til konsernet.

- Desse nye ordrane gjer at ordrereserven for Mare Safety ved utgangen av 2018 er blant det beste nokon sinne sidan selskapet vart etablert i 1999. Dette er eit godt utgangspunkt for å gå inn i eit jubileumsår, - seier Are Garshol, dagleg leiar i Mare Safety.