Nytt prosjekt: Vil automatisere velferdsovervaking av laks
Fire år etter LAKSVEL-protokollen for standardisert velferdsovervaking blei publisert, skal det faglege grunnlaget leggjast for å automatisere og digitalisere overvakinga.
Prosjektet har fått namnet LAKSVEL-digital. Veterinærinstituttet (VI) leier prosjektet, med Havforskingsinstituttet og Nofima som partnarar. Det skriv VI i ei nyheitsmelding.
Utfordrande å samanlikne
VI skriv at automatisk registrering av velferdsindikatorar har auka i bruk dei siste åra og at fleire kameraleverandørar baserer seg på LAKSVEL-protokollen som beskriv manuell velferdsovervaking av laks.
– Ulik tolking og programvare ved omsetjing til digitale registreringar kan likevel gjere det utfordrande å samanlikne velferdsstatus eller at vurderingar blir upresise. Det er derfor behov for eit fagleg fundert grunnlag for automatisert velferdsvurdering og valideringsrutinar, forklarer prosjektleiar Kristin Bjørklund ved Veterinærinstituttet.
Frå protokollar til algoritmar: Digitalisering av fiskevelferd
Prosjektet vidareutviklar kunnskapen frå dei manuelle velferdsprotokollane i FISHWELL (FHF 901157)- og LAKSVEL (FHF 901554).
– I prosjektet skal vi kartleggje dei ulike kamerasystema og programvarene, og vi har mange leverandørar som bidreg inn. Erfaringsbasert kunnskap og ønskjer hos brukarane, altså oppdrettsselskap og fiskehelsetenester, vil òg kartleggjast. I fellesskap skal vi lage eit vegkart for å belyse eventuell avstand mellom status og ønskt status og teknologiavgrensingar, fortel Bjørklund.
Ein viktig leveranse i prosjektet vil vere å lage ein digital LAKSVEL-rettleiar for sår og kjønnsmodning. Desse indikatorane har mykje å seie for velferda til fisken, men òg då dei kan gi nedklassifisering ved slakt som er av økonomisk betydning for oppdrettar. Tidleg avdekking gir betre planlegging og potensielt ein høgare superiordel ved slakt. I tillegg vil automatisk registrering av velferdsindikatorar kunne anslå og dokumentere del fisk utan synleg nedsett velferd.
– Kamerateknologi gir sanntidsdata frå langt fleire fisk enn manuell vurdering, noko som kan gi betre grunnlag for velferdsovervaking. Målet er å gjere dokumentasjon meir effektiv og objektiv, slik at arbeidsbelastning og uvisse blir redusert i avgjerder, forklarer ho.
Automatisk registrering av velferdsindikatorar har openbert mange fordelar, føresett at vi kan stole på dataa. Det er risiko for at systema over- eller underrapporterer, eller at forandringane på fisken blir feiltolka av systemet.
– Vi må undersøkje presisjon og representativitet i systema. Når det gjeld presisjon må vi vite om kameraa klarer å oppdage og klassifisere indikatorane og korleis til dømes synsvinkel og biletoppløysing påverkar dette. Vidare må det vurderast om utvalet representerer det faktiske skadeomfanget på fiskegruppa. I prosjektet skal vi i eit feltforsøk undersøkje dette, fortel Bjørklund.
Prosjektet har allereie avtalt bidrag frå mange kameraleverandørar, oppdrettarar og fiskehelsetenester, og om fleire ønskjer å medverke til samla kunnskap og erfaring, så ta kontakt.
Laksvel-Digital er finansiert av FHF; forskingsfinansieringa til fiskeri- og havbruksnæringa, prosjektnummer 910576.