Uskedelingen Sveinung Pile er tilsett som dagleg leiar i Flexibridge som leverer mellom anna bruløysingar til fiskeri- og havbruksnæringa. Her er han avbilda på Aqua Nor-messa i Trondheim der han nytta tida til å markedsføre det nye selskapet. Foto: Flexibridge

Kvinnherad-krefter overtar Flexibridge - Satsar på bruløysingar for maritime næringar

Sveinung Pile er tilsett som dagleg leiar for å løfta opp att Flexibridge. Han fortel selskapet har fullt fokus på å levere skreddersydde bruløysingar for havbruksnæringa, og har tidlegare levert bru til «Ro-Vision», som vart kåra ship of the year i fjor. 

Publisert Sist oppdatert

Arbeidet med å gjenreisa Flexibridge er godt i gang, og allereie i august meldte selskapet sin ankomst på havbruksmessa Aqua Nor i Trondheim, der selskapet nytta tida til å knyta ny kontakt med tidlegare kundar og kjente av selskapet.

Skal løfta fram selskapet

Pile kjem opprinneleg frå Uskedal i Kvinnherad, men bur no i Nordfjord. Han kjenner godt til den maritime bransjen og har jobba med denne marknaden sidan 2005. No ser han fram til å verte godt kjent med alle dei nye havbruksrederia og aktørane. 

- Eg har starta jobben med å løfte selskapet fram att i lyset, etter at det har lege brakk nokre år. I seinare tid har ikkje selskapet drive noko form for aktivt sal, og produkta har såleis berre vore levert til nokre trufaste kundar.

Produktrekka består i hovudsak av arbeidsstasjonar og brupultar/konsoll for navigasjon, operasjon og kontroll på brua.

- Som leverandør av brupultar har me eit ynskje om å ta hand om den komplekse prosessen rundt brusystema som igjen gir ein best mogleg arbeidskvardag på brua for operatørar og mannskap, seier dagleg leiar. 

Bedrifta har adresse på Husnes i Kvinnherad Kommune, men Pile kjem til å pendle mellom Husnes og Nordfjordområdet, ettersom mange rederi og maritime selskap tilhøyrer nettopp denne regionen.   

Ikkje ny i gamet – har levert bru til «Ro-Vision»

Dagleg leiar Sveinung Pile frå Kvinnherad skal føre selskapet tilbake på radaren til rederia og serier dei jobbar for å verte meir synlege. Foto: Flexibridge.

Flexibridge har sitt opphav på Haugalandet, der det i si tid vart stifta rundt år 2000 av tilsette i firmaet Hatteland. I 2004 vart firmaet kjøpt opp av selskapet Steinsvik, kjem det fram i ei pressemelding. 

- Fiskeri- og havbruksnæringa har vore, og kjem til å bli svært viktig for Flexibridge. Vi har tidlegare vore hoffleverandør av bruløysingar å rekne til Rostein og en del andre rederi, og det er utruleg motiverande å sjå kva mottaking vi har fått hos enkelte kundar etter å ha teke kontakt om nysatsinga. Sjølv om selskapet satsar friskt med nye folk ombord har vi mange flotte referansar på blokka, seinast i 2020 leverte FlexiBridge ei moderne bruløysing til det som vart kåra til årets skip av Skipsreven.no, nemleg brønnbåten «Ro Vision» eid av Rostein, seier Pile stolt.  

Opprettar kontor i Kvinnherad

Hausten fortel Pile skal elles nyttast til vidareutvikling av produktrekka samt lansering av spanande produktløysingar til nye og eksisterande kundar.

- Mykje av jobben har bestått i organisering av delelager og systematisering av produksjonsteikningar, men det har også vorte tid til litt kundekontakt. Allereie i fyrste samtalen med tidlegare kunde av Flexibridge fekk eg kjensla av at dette er eit selskap som er sakna av kundane. Historikken til selskapet er rett og slett imponerande, og det å få ta leiing i dette nye kapittelet i Flexibridge si historie er ei oppgåve eg ser på med stor iver og godkjensle, seier Pile i pressemeldinga.

Selskapet skal ha forretningsadresse på Bogsnes på Husnes i Kvinnherad Kommune, og har Fonna Vekst med på eigarsida.

- Fonna Vekst vart stifta sumaren 2021 av ei gruppe investorar frå Kvinnherad som har det til felles at dei ynskjer å skapa aktivitet i lokalsamfunnet basert på si lange erfaring frå maritim bransje, går det fram av pressemeldinga.

Flexibridge har Kvinnheringane Styrk Bekkenes som styreleiar. Elles i styret er Noreq- og Harding-kjenningar som Alf Eidsvik, Trond Bø og Bjørn Sturle Hillestad på plass.