Oppdrettsbransjen i Kvinnherad er med på å sikra kommunen store overføringar frå Havbruksfondet. Avbildet er ei av ventemerdane til Vikingfjord slakteri på Sunde i Kvinnherad.

Rekordutbetaling til Kvinnherad frå Havbruksfondet: – Eg er ein glad ordførar i dag

43 millionar 191 tusen 470 kroner og 17 øre er overføringa frå Havbruksfondet til Kvinnherad kommune. - Dette er ein glad nyheit på ein kald desemberdag. No er det er viktig å tenkja seg nøye om no kva ein skal bruka det som er på plussida i banken på, seier Hilde Enstad, ordførar i Kvinnherad.

Publisert Sist oppdatert

- Veldig kjekt, meiner Hans Inge Myrvold (Sp), som skal vera med og stemma pengane gjennom i Storting.

Han gler seg over rekordutbetalinga frå fondet, som denne gongen hadde over tre milliardar kroner til fordeling. 142 kommunar og sju fylkeskommunar får overføringar denne gongen.

- Regjeringa styrkja Havbruksfondet med 800 millionar denne gongen, noko som er medverkande til at det blir rekordutbetaling for Kvinnherad med 43 millionar denne gongen, seier Myrvold til Grenda.

Ein må ha oppdrett i kommunen for få pengar frå Havbruksfondet, noko Kvinnherad i aller høgste grad har. Berre 16 kommunar og fire fylkeskommunar får større overføring enn vår kommune.

- Komplisert berekningsmodell, men dette viser at produksjon og slaktevolum er høgt i vår kommune enno. Dette er å rekna som ei tilbakemelding om at dette produktet er etterspurd, og ein oppnår gode prisar på laks. Det er den samla produksjonen i landet som ligg til grunn for det som kjem inn i fondet, og så er fondet solidarisk innretta, opplyser Myrvold.

Glad ordførar

Ordførar Hilde Enstad fortel at Kvinnherad har budsjettert med 36,2 millionar i 2022, og får då sju millionar meir enn ein rekna med.

- Eg er ein glad ordførar i dag. Dette er noko meir enn me budsjetterte med, og alle inntekter er viktige for Kvinnherad kommune for å kunna ha eit godt tenestetilbod i framtida. Dette er ein glad nyheit på ein kald desemberdag. No er det er viktig å tenkja seg nøye om no kva ein skal bruka det som er på plussida i banken på, påpeikar ho.

- Eg har fått antyda at det blir eit overskot i rekneskapen for 2022. Høg lånegjeld, stigande rente, så det er absolutt ulike postar å fordela overskotet på, men det er kommunestyret som skal bestemma kva ein skal bruka det på, sluttar Enstad.