
Kronikk:
Fjerning av selskaps-MTB kan bli dramatisk for små aktører
Regjeringa sitt forslag i Havbruksmeldinga om å fjerne ordninga med selskaps-MTB representerer ei dramatisk endring i rammevilkåra for norsk oppdrettsnæring, og kanskje særleg for små, familieeigde selskap.
Det skriv 22 aktørar som slår alarm i ein felles kronikk, som er gjengjeven i si heilskap nedanfor.
I Havbruksmeldinga foreslår regjeringa å fjerne selskaps-MTB og leggje verdien til lokalitetane, som skal regulerast etter ei lusekvote, fastsett kvart andre år. Sjølv om intensjonen er å effektivisere og modernisere reguleringa, kan konsekvensane bli alvorlege, særleg for små, familieeigde oppdrettsselskap. Dette handlar ikkje berre om produksjonsvolum, men om økonomisk berekraft, investeringsvilje og næringsstruktur.
Verdiforringing og svekt pantesikkerheit
Selskaps-MTB har i praksis fungert som ein produksjonslisens og ein verdiberar i selskapa sin balanse. Når denne vert fjerna, rokkar det ved grunnlaget for verdsetjinga av mange små selskap. For bankar og investorar er MTB ein konkret og målbar eigedel som kan pantsetjast. Utan denne risikerer vi ei betydeleg svekking av selskapa si pantesikkerheit i ei tid der regjeringa samstundes ønskjer å stimulere til investeringar i teknologi, berekraft og vekst.
Det kan bli vanskeleg å få finansiering til omstilling dersom pantesikkerheita vert svekt. Når verdien av selskapet vert usikker, aukar òg risikoen for långjevarar – og rentene følgjer etter. Dette rammar særleg dei små aktørane, som oftare enn dei store er avhengige av ekstern finansiering for å kunne gjennomføre store investeringsløft.
Investeringstørke og stagnasjon
Forslaget om å fjerne selskaps-MTB skaper uforutsigbarheit som kan føre til investeringsstopp. Når framtidig produksjonskapasitet ikkje lenger er knytt til selskapet, men til lokaliteten eller til omsetjelege kvotar, vert det vanskelegare å planleggje langsiktig. For små selskap, som i endå større grad enn dei store er avhengige av stabile rammevilkår, kan dette vere kroken på døra for vidare utvikling.
I tillegg vil usikkerheita rundt korleis nye kvotar skal fordelast, prisast og regulerast, gjere det risikabelt å satse. Når små selskap mistar sin viktigaste verdiberar og samstundes får svekt investeringskapasitet, vert dei sårbare for oppkjøp eller val om å selje seg ut. Med usikkerheit rundt verdifastsetjing av selskapa, vil det òg kunne påverke ein eventuell salgspris negativt.
Konsolidering og tap av lokal verdiskaping
Det er neppe tilsikta, men ein konsekvens av regjeringa sitt forslag er at det legg til rette for ytterlegare konsolidering i næringa. Dette kan føre til at eigarskapet i næringa vert flytta frå kystsamfunna til større, ofte internasjonale aktørar. Det er verdt å minnast at dei små, familieeigde selskapa ofte har djupe røter i lokalsamfunna. Dei skaper arbeidsplassar, handlar lokalt og bidreg til levande bygder. Når slike selskap forsvinn, forsvinn òg ein viktig del av den lokale tilknytinga og tilhøyrigheita.
Havbruksmeldinga er tydeleg på at fjerninga av selskaps-MTB er ein del av ei større strukturendring, men konsekvensane er i liten grad utgreidde. Det er ei alvorleg svakheit. Når ein rokkar ved ein så sentral del av næringa sitt økonomiske fundament utan å ha full oversikt over verknadene, utset ein heile sektoren for betydeleg risiko.
Ein berekraftig veg vidare
Dersom målet er ei berekraftig og konkurransedyktig havbruksnæring, må ein sikre at òg dei små aktørane har ein plass. Det krev stabile og føreseielege rammevilkår, og ei regulering som anerkjenner verdien av selskaps-MTB som økonomisk tryggleik. Vi ber Stortinget ta inn over seg dei mogelege negative konsekvensane av Havbruksmeldinga sitt forslag, og vi ber om at det vert lytta til dei som kjenner næringa best: dei som driv ho, kvar dag, i lokalsamfunn langs heile kysten.
På vegne av landets små og familieeigde oppdrettsselskap:
Troland Lakseoppdrett
Langøylaks
Engesund Fiskeoppdrett
Telavåg Fiskeoppdrett
Osland Havbruk
Marø Havbruk
E. Karstensen Fiskeoppdrett
Nordfjord Laks
Vikan Settefisk
Blom Fiskeoppdrett
Ellingsen Seafood
Sandnes Fiskeoppdrett
Selsøyvik Havbruk
Eidesvik Laks
Steinvik Fiskefarm
Fylkesnes Fisk
Fremskridt Laks
Sulefisk
Tombre Fiskeanlegg
Quatro Laks
Varde Fiskeoppdrett
Austevoll Melaks