Anne Lise Chapman frå Tango Seaweed og Espen Bergø frå Herøy Kommune. Foto: Stephan D. Borgund

- Havets bacon

I Fosnavåg Nyskapingspark var Tango Seaweed-gründer Annelise Chapman på plass for å gå gjennom "KOM TIL TARE"-prosjektet med engasjerte deltakarar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Prosjektet handlar i stor grad om korleis kommunen kan legge til rette for at fleire byrjar med taredyrking, melder Herøy kommune på sine nettsider. 

Det var ein workshop for dei som vil byrje med taredyrking. Målet var å teste ein rettleiar til søknadsskjema for taredyrkingskonsesjon fordi prosessen i dag er tungvint og tilpassa fiskeoppdrett men ikkje tare. Prosjektet har laga forskjellige hjelpemiddel til både brukarar innanfor feltet og forvaltningsmyndigheitene.

Kvifor tare? 

- Det er sunt for både menneske og miljøet, og det kostar lite energi å drive oppdrett. Ein legg heller ikkje beslag på landbruksareala våra. Langs den norske kysten finnast det mykje tare å lage godsaker av. Det kan til dømes bli nytta som eit fint tilskot til ein frukost eller lunsj.

- Søl er ein av tangartene som allereie vikingane nytta mykje. Det vert av og til omtalt som havets bacon. Tang og tare kan nyttast som grønsak. Som sunn salterstatning eller som snacks, seier Chapman

Chapman underviser deltakarar i Nyskapingsparken. Foto: Thomas Teige Sporheim

Aukande interesse

I motsetning til blant anna fiskeri og fiskeoppdrett, er taredyrking ei lite kjend næring. Dei fleste aktørane i kystsona har begrensa kunnskap om taredyrking, men ein ser at det er ei aukande interesse for å delta i denne nye næringa. Eit teikn på dette er ei stadig auke med søknadar for akvakultur av makroalger i sjøanlegg. Dei siste åra har mengda søknadar fleirdobla seg langs heile den norske kysten. 

- Eg synast det er særs spennande at fleire får auga opp for moglegheitene og nyttar noko anna enn fisk frå havet, held Tango Seaweed-gründeren fram. 

Dei fekk også smake på eit tangprodukt. Til dømes er makroalger ein viktig del av kosthaldet i Asia, medan danskane lagar øl og akevitt av tang og tare. Det blir også nytta til mellom anna kosttilskot, medisin, energi, fôr, kosmetikk og gjødsel.

- Det er særs næringsrikt, og inneheld rikeleg med vitaminer, mineraler og jod for å nemne nokre, seier Chapman som også er ein av dei som nyttar dei gratis kontorlokala i Fosnavåg Nyskapingspark så ofte som råd.

- Det er eit fantastisk tilbod sentralt plassert, lett tilgjengeleg og med eit inspirerande miljø. Det har jo skjedd meir enn ein gong at vi har drodla planar på servietten i lunsjpausen, avsluttar gründer Annelise Chapman.