Havforsker Bjørn Einar Grøsvik etterlyser meir kunnskap om impregneringsstoffet som blir brukt i staden for kopar.
Havforsker Bjørn Einar Grøsvik etterlyser meir kunnskap om impregneringsstoffet som blir brukt i staden for kopar.

Åtvarar om nytt impregneringsstoff

- Det er positivt at oppdrettarane har redusert mengdene av kopar brukt som antigroemiddel i oppdrettsnøtene, men det er ikkje gjort gode nok undersøkingar av korleis det nye stoffet vil påverke miljøet.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv Havforskningsinstituttet i en sak.

- Vi ser at bruken av kopar er redusert med ca. 75 prosent sidan 2019. Mykje av nedgangen skuldast at kopar har blitt erstatta av eit nytt stoff: tralopyril, også kalla econea, seier forskar Bjørn Einar Grøsvik. 

Dette kjem fram i årets utgåve av Havforskningsinstituttet (HI) sin risikorapport for norsk fiskeoppdrett.

Dei siste åra har det vore stadig meir fokus på at kopar frå impregnering slepp ut i miljøet rundt oppdrettsanlegga, og kva negative følgjer det kan få.

Det har fått oppdrettarane til å sjå etter nye stoff. Bruk av ulike impregneringsstoff blir godkjent av Miljødirektoratet. 

- Helst burde oppdrettarane ha valt eit giftfritt alternativ til impregnering, seier Grøsvik, og legg til at slike løysingar finst, men at HI ikkje har gjort ei vurdering av desse. 

Impregnering bidrar til betre dyrevelferd 

Oppdrettarane brukar impregneringsstoff for å hindre at det veks til dømes blåskjel og algar på merdane. Slik tilgroing gir dårlegare gjennomstrøyming av sjøvatn til oppdrettsfisken og kan derfor vere eit problem for dyrevelferda.

For lite kunnskap om det nye stoffet 

Førebels er det for lite kunnskap om dette nye stoffet til at miljøkonsekvensane er avklart. Bruken av stoffet auka kraftig i 2022, og truleg var det også ein auke i fjor. 

- Det er bekymringsfullt at vi risikerer å bytte ut eit skadeleg stoff med eit nytt stoff som kan vere like skadeleg, seier Grøsvik. 

Han vektlegg at det er for lite kunnskap om tralopyril – han kan dermed ikkje seie sikkert om det er eit betre eller dårlegare val enn kopar for miljøet. 

Kan bli tatt opp og akkumulert i næringskjeda 

- Vi veit at tralopyril blir akkumulert i skjel og vi har funne det i sediment i nærleiken av oppdrettsanlegg. 

Når stoffet kjem ut i miljøet, blir det brote ned. Manglande kunnskap om kor giftige og nedbrytbare reststoffa er, er ein av grunnane til at forskaren er bekymra: 

- Eit av endeprodukta når dette stoffet vert brote ned, er trifluoracetat. Dette endeproduktet viser at tralopyril tilhøyrer perfluorerte stoff (PFAS). Felles for alle PFAS er at dei er giftige for miljøet, dei vert ikkje brotne ned, og dei kan hope seg opp gjennom næringskjeda.