Kronikk:
– Derfor må ansvaret vere lokalt
I kronikken «Villaksen sliter globalt – vi regulerer lokalt» presenterer fagsjefen i Sjømat Norge eit velkjent, men problematisk narrativ: Når villaksen går tilbake globalt, blir det implisitt hevda at lokale påverknadsfaktorar – som norsk oppdrett – må ha mindre betydning. Det er ein logisk snarveg som ikkje held fagleg mål.
Ja, villaksen er i tilbakegang over store delar av Nord-Atlanteren, og forskinga peikar på redusert overleving i havfasen som ein sentral faktor. Men det betyr ikkje at lokale belastningar er irrelevante – tvert imot. Det er summen av påverknader som avgjer bestandsutviklinga, og nettopp difor blir lokale stressfaktorar ekstra kritiske når den globale overlevinga sviktar.
Dette er grunnleggjande økologisk kunnskap: Når ein bestand allereie er pressa av klimatiske og marine forhold, vil tilleggspåverknad frå lakselus, rømt oppdrettsfisk og habitatendringar kunne vippe balansen frå sårbar til kollaps. Norske fagmiljø har i fleire samanhengar peika på at nettopp lakselus og genetisk påverknad frå oppdrett er blant dei viktigaste negative faktorane for mange bestandar.
Kronikken bygger vidare opp eit kunstig skille mellom «globale» og «lokale» årsakar. I røynda heng desse saman. Klimaendringar påverkar havet – men det er i fjordane og elvane laksen skal overleve dei mest kritiske overgangane i livssyklusen. Det er her norsk forvaltning faktisk har handlingsrom. Å avvise dette ansvaret fordi problema også er globale, blir ein form for ansvarsfråskriving.
Endå meir problematisk er premisset om at strengare regulering av oppdrett nødvendigvis er feil dersom hovuddrivarane ligg i havet. Dette er ein klassisk «enten – eller»-argumentasjon. Forvaltning handlar ikkje om å velje éin årsak, men om å redusere samla belastning. Når ein ikkje kan regulere havtemperatur, er det desto viktigare å regulere det ein faktisk kan påverke.
Kronikken etterlyser regulering «etter faktisk påverknad». Det høyrest rimeleg ut – men overser at mykje av påverknaden frå oppdrett nettopp er godt dokumentert, samstundes som det er fagleg usemje om omfang og tersklar. Å bruke denne usemja som argument for å svekke regulering, er å snu føre-var-prinsippet på hovudet.
Det avgjerande spørsmålet kronikken unngår, er dette:
Kva skjer med villaksen dersom vi både får dårlegare overleving i havet – og samtidig held oppe eller aukar dei lokale belastningane?
Svaret er ikkje teoretisk. Det ser vi allereie konturane av langs norskekysten.
Villakskrisen er global. Nettopp derfor må ansvaret vere lokalt.