Illustrasjonsbilde av smolt/settefisk. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Positive til settefiskanlegg

I formannskapet i Kvinnherad er det full jubel for settefisk-prosjektet Ænes inkubator, men det har ein veg å gå før fylkesmannen er med på planane, meldar Grenda.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Eide Fjordbruk AS og Lingalaks AS planlegg å bygga nytt anlegg for produksjon av mellom anna settefisk på land på Ænes i Kvinnherad kommune. Produksjonen vil omfatte heile produksjonssyklusen frå egg og yngel til smolt/postsmolt for utsett i sjømerdar, ifølge planen.

Formannskapet i Kvinnherad kommune godkjente førre torsdag samrøystes planprogrammet for Ænes inkubator sin reguleringsplan, meldar lokalavisa Grenda.

Les også: Går saman om bygging av nytt settefiskanlegg

Les også: Stor interesse for settefisk-planar

- Eg synest det er ei kjempesak. Berre sjå til Fjæra, dei har kjempa på og fått det til. Eg vil ynskja dei lukke til, innleia Ove Lemicka (Frp).

Også Knut Johannes Helvik (H) tykte det var ei stor glede å støtta prosjektet, og såg fram til ei betydeleg mengd nye arbeidsplassar, skriv avisa.

- Næringa byrjar å bli moden, frå enkle merdar til industri. Næringa er også i ferd med å bli stoverein. Men ein må sjølvsagt bøta på negative verknader så langt det er mogleg, sjølv om det sikkert er tusen gonger fleire positive konsekvensar, sa han.

Fylkesmannen er eit problem

Grunneigar Leif Sverre Enes (H) var inhabil under handsaminga. Men under ei anna sak kom han med ei melding som ikkje var til å misforstå, skriv Grenda.

- Vi har eit kjempeproblem med noko som heiter fylkesmannen i nesten alle samanhengar. I Mauranger har vi eit areal som er sett av til næring, men fylkesmannen kjem likevel med innsigelsar, meldte han.