Fôrflåten på veg til lokaliteten Guriøyna. Foto: Helge Landøy/Landøy Fiskeoppdrett.

Landøy Fiskeoppdrett fekk på plass ny fôrflåte

Oppdrettaren har investert i ny betongflåte, på lokalitet som har vore utan fôrflåte.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Landøy Fiskeoppdrett har tre konsesjonar og driv oppdrett av laks og aure, på Værlandet i Askvoll kommune. Dei fekk i førre veke på plass ein ny fôrflåte på lokaliteten Guriøyna i Askvoll.

Lokaliteten Guriøyna ligg i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Kilde: Barentswatch. Klikk for større bilete.

300 tonn

Betongflåten levert av Backe Bergen har ein kapasitet på 300 tonn, og er den tredje flåten levert av dei til oppdrettselskapet. 

Helge Landøy frå Landøy Fiskeoppdrett er litt usikker på kva offisiell tittel han har i selskapet, men fortel han har ansvar for vedlikehald og det tekniske i selskapet, som han eig saman med sine to brødre.

Flåten skal i drift i denne veka, og han fortel at det tidlegare ikkje har vore noko fôrflåte på akkuratt denne lokaliteten. 

Backe Bergen har levert ny fôringsflåte til Landøy Fiskeoppdrett, og betongflåten er utstyrt med fôringsanlegg med to linjer. Foto: Helge Landøy. Klikk for større bilete.

- Dette er den fyrste fôrflåten me har på Guriøyna. Me er godt nøgd med dei to tidligare flåtane me har fått av Backe Bergen som har vore på andre lokalitetar, og difor har me valt å gå for samme type igjen. Me ser at dei er stødige og stabile, samt treng mindre vedlikehald, fortel han.

Les også: - Så null effekt av lusebehandling

To liner

Oppdrettselskapet har på flåten Østerbø sin generator, og Steinsvik fôringsanlegg med to liner. Flåten er ein standard betongflåte, som er utrusta med kontor, toalettfasilitetar og lunsjrom.

- Noko overnatting er det ikkje på denne flåten ettersom mannskapet ikkje bur om bord, og me rullerar personalet på våre ulike lokalitetar som ligg ganske nære kvarandre. 

Les også: Landøy Fiskeoppdrett nærmar seg 100-talet